Ein massá (hebraisk מַצָּה maṣṣā), fleirtal massót, er eit usyra brød (flatbrød) til bruk under pesah (jødisk påske).

Handlaga maṣṣá sjemurá.
Fabrikklaga massá.

Om ordet endre

Etymologi endre

Ordrota מצה (MṢH) tyder ‘uttørka’ på hebraisk. I 2. mosebok 12:39 er uttrykket עֻגֹת מַצּוֹת (ʕūgōt maṣṣōt, ‘uttørka kaker’) bruka om brøda israelittane baka av deigen dei bar med seg da dei drog i all hast ut av Egypt.

Skrivemåtar endre

Ordet blir òg stundom skrive som matsá, matza eller matzo i eintal og som matsót, matzot eller matzos i fleirtal.

Sjå òg endre

  Denne jødedomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.