Mastrafjorden er ein fjordarm av Boknafjorden i Stavanger kommune, på sørvestsida av Rennesøy og nordaust for Mosterøy, som han er kalla opp etter. Fjorden har innløp mellom Eplevika på Relanes på Rennesøy og nordre Lamholmen ved Mosterøy og går 12 km søraustover til Hidlefjorden, som ligg på sørsida av Rennesøy og går austover mot Ryfylke.

Rennfastsambandet langs E39 kryssar fjorden via Mastrafjordtunnelen som har ei lengd på 4,4 km og er 133 meter under havoverflata på det djupaste.

I den nordlege delen av fjorden ligg halvøya Klosterøy på Mosterøy. Her finn ein det gamle Utstein kloster. På Rennesøysida ligg Vikevåg ved fjorden. Vikevåg var administrasjonssenteret i tidlegare Rennesøy kommune.