Matros (frå gammalfransk matenot via nedelandsk) er ein fullt utdanna dekksmann.[1] Inann skipsfart kan nemninga ha ulik tyding.

  • Innanfor sivil sjøfart er matros ei nemning på mannskap som ikkje er offiserar. Det er ei eiga fagprøve for matrosar. Dersom ein matros har fått hyre om bord på eit fartøy som nyttar uniform kan han ha ein distingsjon med eit gull brodert anker på. Lærlinger kan ha ein distingsjon med eit rødt anker på.
  • Innanfor Sjøforsvaret vert nemninga matros nytta om verva mannskap. Altså militært tilsett personell som ikkje er befal. I Hæren og Luftforsvaret nyttar ein nemninga grenader. Sjølv om nemninga har det same opphavet i Sjøforsvaret som i den sivile skipsfarten har ein militær matros som regel ingen av arbeidsoppgåvene til ein sivil matros. Militære matrosar har mykje meir til felles med grenaderar. Distingsjonen til ein matros er eit gullanker i metall og mellom éi og tre gullstjerner i metall. Stjernene indikerer tal år personen har vore verva, dersom han har vore verva lenger enn tre år vil han framleis berre ha tre stjerner. Ein matros kan òg vere ein lærling som held på med det andre året sitt. I det fyrste er han meinig. Ein matroslærling vil berre ha eit gullanker som distingsjon.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre