Matteusprinsippet

Matteusprinsippet, også kalla Matteuseffekten, er ei nemning på ulike fenomen der eit system gagnar ein tidlegare favorisert part.

I Matteusevangeliet 25,29 står det: «For den som har, han skal få, og det i overflod. Men den som ikkje har, skal bli fråteken jamvel det han har.» Sitatet er frå likninga om talenta, Matteus 25,14-30.[1]

Eit liknande sitat finn ein også i det apokryfe skriftet Thomasevangeliet.[2]

Døme endre

  • Barn som les betre enn sine jamnaldringar, les meir, og vert endå betre til å lese.
  • Dei beste idrettsutøvarane i ein klubb blir tatt ut til fleire konkurransar og får meir erfaring og blir endå betre i sporten sin.
  • Populære politiske parti og organisasjonar får stor merksemd i massemedia og blir endå meir populære på dei andres kostnad.
  • Ein medarbeidar med eit godt rykte får større del av æra frå eit prosjekt og får endå betre rykte.
  • Personar og institusjonar med større formuar kan ta større risiko i sine investeringar og slik få endå større formue.

Kjelder endre

Fotnotar
  Denne filosofiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.