Mattia Cassani

italiensk fotballspelar

Mattia Cassani (fødd 26. august 1983 i Borgomanero i Piemonte) er ein italiensk fotballspelar som har spela i forsvar for Palermo i Serie A. Han har òg kampar for det italienske landslaget.

Mattia Cassani
Personleg informasjon
Fødd 26. august 1983
Fødestad Borgomanero
Høgd 184 cm
Posisjon Høgreback
Klubbinformasjon
Noverande lag
Palermo
Nummer 16
Ungdomsklubbar
Italia Juventus
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2002-03
2003
2003-06
2006-
Italia Juventus
Italia Sampdoria (lån)
Italia Verona
Italia Palermo
0 (0)
2 (0)
118 (0)
129 (2)
Landslag
2009- Italia Italia 4 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 16. mai 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 3. september 2010

Cassani fekk gjennombrotet sitt som profesjonell fotballspelar i Verona, som han spelte for i Serie B frå 2003 til 2006. I 2006 gjekk han til Palermo i Serie A, der han spelte fast på laget frå den første sesongen.

Han debuterte for Italia sitt A-landslag 18. november 2009 i ein privatlandskamp mot Sverige. Han kom ikkje med i Italia sin tropp til fotball-VM i 2010. 3. september 2010 spelte han den første landskampen sin i ein teljande landskamp, i ein EM-kvalifiseringskamp mot Estland.