Maudheimvidda (tysk Ritscherhochland) er eit stort, isdekt høgland i den vestlegaste delen av Dronning Maud Land i Antarktis som strekkjer seg frå 20° vest til Jutulstraumen om lag ved nullmeridianen. Området grensar til Vestfjella og Heimefrontfjella i vest og sørvest og av Borgmassivet og Kirwanveggen i aust. Han vart oppdaga av Den tredje tyske antarktisekspedisjonen (1938–1939) og kalla opp etter kaptein Alfred Ritscher, leiaren for ekspedisjonen. Området vart undersøkt og kartlagt under den norsk-britisk-svenske antarktisekspedisjonen (Maudheimekspedisjonen) frå 1949 til 1952. Norsk Polarinstitutt gav i 1963 ut topografisk kart i målestokk 1:1 000 000 over området.

Maudheimvidda
platå
Land  Antarktis
Stad Dronning Maud Land
 - koordinatar 73°0′S 9°0′W / 73.000°S 9.000°W / -73.000; -9.000
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Maudheimvidda
73°S 9°W / 73°S 9°W / -73; -9
Maudheimvidda is located in Antarktis
Maudheimvidda (Antarktis)

Kyststrekninga frå 16° 30' vest til 5° aust vert kalla Kronprinsesse Märtha Kyst.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Maudheimvidda» (innhald frå Geographic Names Information System).