Maurtåka (òg kjend som Mz 3, kort for Menzel 3) er ei planetarisk tåka som ligg rundt 3000 lysår unna jorda i stjernebiletet Vinkelhaken.[1]

Hubble-bilete av Maurtåka

Det er ikkje kjend korfor tåka har forma den har, men ho kan vera eit resultat av at den kvite dvergen som er opphavet til tåka kan ha ei kompanjongstjerna i ein tett bane som kan forma korleis gassen strøymer ut. Eit anna alternativ er at stjerna sitt magnetfelt og sin rotasjon sender gassen ut i bestemte retningar.[2]

Ingen planetariske tåker observerte av Hubble-teleskopet liknar mykje på Maurtåka. Sommarfugltåka, M2-9, liknar noko, men farten til gassen i tåka ut frå stjerna er likevel opptil ti gongar større i maurtåka.[2] Forma på gassen som strøymer ut frå den unge og tunge stjerna Eta Carinae liknar òg noko.[2]

Kjelder endre

  1. «Fast Facts» - korte fakta om Maurtåka på éi av dei to offiselle heimesidene til Hubble-teleskopet.
  2. 2,0 2,1 2,2 «The Ant Nebula (Menzel 3): Fiery Lobes Protrude From Dying, Sun-like Star» - biletteksten til Hubble-biletet éi av dei to offiselle heimesidene til teleskopet.