Mayday er eit internasjonalt nødsignal for skip og luftfartøy som blir brukt over radiotelefoni. Det er avleidd av det franske uttrykket m'aidez!, 'hjelp meg!'. Bruken blei vedteken i 1948.[1]

Mayday-sending mellom MV «Summit Venture» og den amerikanske kystvakta etter at skipet kolliderte med Sunshine Skyway Bridge i 1980.

Bruken av ordet oppstod i 1923, då ein radiooffiser ved Croydon lufthamn i London blei beden om å finna eit ord som kunne uttrykka nød og var lettå forstå av alle flygarar og bakketeneste i ein nødsituasjon.[2] På denne tida føregjekk mykje av flytraffiken mellom Croydon og Le Bourget lufthamn i Paris. Offiseren, Frederick Stanley Mockford,[3] føreslo uttrykket «mayday» frå det franske m'aider ei kortform av venez m'aider ('kom og hjelp meg').[4]

Før ein tok i bruk «mayday» var morsesignalet SOS eit tilsvarande nødsignal. I 1927 tok International Radiotelegraph Convention i Washington i bruk stemmesignalet «mayday» i staden for SOS.[5]

Kjelder endre

  1. «mayday». Store norske leksikon (på norsk). 28. september 2014. 
  2. «Why Mayday?». Research Questions. National Maritime Museum Cornwall. Henta 1 May 2013. 
  3. «It’s MayDay – But That Means Trouble for Aviators». Arkivert frå originalen 24. mars 2019. Henta 30 March 2018. 
  4. Oxford Dictionaries, "Mayday", arkivert frå originalen 9. juli 2016, henta 31. desember 2018 
  5. In 1927, the International Radiotelegraph Convention of Washington adopted "mayday" as the radiotelephone distress call Radiotelegraph Convention of Washington Arkivert 2014-03-08 ved Wayback Machine., s 81.