Mayfair er eit område i City of Westminster i det sentrale London. Her finst stader som Grosvenor Square, Hyde Park Corner, Marble Arch og Savile Row. Mayfair strekkjer seg omtrent til Hyde Park i vest, Oxford Street i nord, Green Park i sør og Regent Street i aust.

Brown Hart Gardens i Mayfair.
Grosvenor Square og Millennium Hotel.
Shepherd Market.

Historie endre

Mayfair har namn etter den årlege marknaden (May Fair) som vart halden to veker frå 1. mai frå 1686 til 1764. Før Jakob II flytta storfemarknaden hit i 1686 hadde ein halde han i Haymarket. Marknaden utvikla seg til ei støyande tilstelling med mykje fyll og kriminalitet, og vart til slutt forboden i Mayfair, som hadde gått gjennom ei gentrifisering. Marknaden vart flytta til Fair Field i Bow, medan marknadsområdet, som no heiter Shepherd Market, blei bygd ut av Edward Shepherd.

Det meste av utbygginga av området fann stad mellom midten av 1600- og midten av 1700-talet. Det vart eit fasjonabelt bustadområde. Ein stor del av Mayfair høyrer til framleis hertugen av Westminster. Rotschildfamilien kjøpte opp store område på 1800-talet. Andre delar er kroneigedom.

Dagens Mayfair endre

Området er no for det meste brukt til næringsdrift, med ei rekkje kontor og forretningar i nye bygningar og ombygde bustadhus. Leigenivået er blant dei høgaste i verda. Det finst enno mange eksklusive bustader mellom næringslokala, og dessutan ei rekkje luksushotell, som Claridge's.

Ambassadane til USA og Canada ligg ved Grosvenor Square, medan Royal Academy of Art ligg like i nærleiken av plassen. Handel House Museum, til minne om Händel som budde her ei tid, ligg også i Mayfair.

Mayfair i kulturen endre

På det britiske Monopolbrettet er Mayfair den dyraste eigedomen (tilsvarande Rådhusplassen på det norske brettet).

«Mayfair» går igjen som eit ordspel i tittelen til musikalen My Fair Lady, som tek for seg engelske klasseskilje uttrykt i språket.[1]

Det litterære paret Jeeves og Wooster i bøkene til P.G. Wodehouse bur i Half Moon Steet i Mayfair.

Kjende personar frå Mayfair endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Rex Harrison (1992), A Damned Serious Business, ISIS Large Print, s. 128 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Mayfair