Alfred McCoy Tyner(McCoy Tyner, 11. desember 19386. mars 2020) var ein amerikansk jazz-pianist, komponist og bandleiar[1] som tidleg vart kjent for sin store innerknad i John Coltrane Quartet.

McCoy Tyner

Statsborgarskap USA
Fødd 11. desember 1938
Philadelphia
Død

6. mars 2020 (81 år)
Bergenfield

Yrke pianist, orkesterleiar, komponist, dirigent, jazzmusikar, plateartist, musikar
Språk engelsk
Medlem av John Coltrane Quartet, John Coltrane Quintet
Nettstad http://www.mccoytyner.com/
McCoy Tyner på Commons

Liv og virke endre

McCoy Tyner var den eldste i ein ungeflokk på tre. Da han var 13 år oppmoda mora han til å lære seg pianospel og frå han var 15 heldt han konsertar med jazzgrupper. Han studerte ved West Philadelphia Music School og seinare ved Granoff School of Music. 17 år gamal konverterte han Sunniislam og tok namnet Sulaimon Saud, men gjekk snart tilbake til sitt opphavelege namn.

John Coltrane og McCoy Tyner treftest første gongen i Philadelfia der dei spelte saman på klubben Red Rooster. Frå 1959 spelte han seks månader i Jazztet med Art Farmer og Benny Golson, før han blei med i den klassiske John Coltrane Quartet med Coltrane, Jimmy Garrison og Elvin Jones der han hadde ei berande rolle fram til 1965 og medverka på album som A Love Supreme (1964, Impulse!) og Crescent (1964, Impulse!). Elles deltok han på Joe Henderson sitt debutalbum Page One i juni 1963.

Etter Ian Carr si meining var John Coltrane Quartet den mest påverknadsrike kvartetten i jazzhistoria og gir Tyner ein stor del av æra for dette.[2] Tyner samarbeidde òg med saksofonisten Wayne Shorter for Blue Note Records, til dømes på albuma Night Dreamer (1964) og gav frå 1962 ut album under eige namn på platemerket Impulse! der Elvin Jones, Art Davis og Jimmy Garrison medverka.

Frå 1966 var McTyner bandleiar og solist sin eigen trio/kvartett og turnerte i USA, Europa og Japan. På denne tida samarbeidde Tyner med Ike og Tina Turner, Jimmy Witherspoon og andre. I 1967 kom det epokegjerande albumet The Real McCoyBlue Note Records, med Joe Henderson, Ron Carter og Elvin Jones[3]

 
Tyner (1989)

På starten av 1970-åra gjekk Tyner over til Orrin Keepnews sin label Milestone og spelte inn album som Sahara (1972), soloalbumet Echoes of a Friend (1972), Enlightenment (1973, med Azar Lawrence) og Fly With The Wind (1976). I 1978 spelte han i Milestone Jazzstars med blant andre Sonny Rollins, Ron Carter og Al Foster. I 1988 kom storbandproduksjonen Uptown/Downtown med Kamau Muata Adilifu, Howard Johnson, Robin Eubanks og Steve Turré. I 1989 gjekk Tyner tilbake til Blue Note og spelte inn Ellington-albumet Things Ain't That What They Used to Be (delvis i duo med George Adams og John Scofield) og duo-albumet Manhattan Moods (1993) med Bobby Hutcherson. Etter to album for Impulse! gjekk Tyner over til Telarc.

Bror til McCoy Tyner, Jarvis Tyner, stilte til val som visepresidentkandidat for CPUSA, kommunistispartiet i USA, i 1972 og 1976.

Musikkstil endre

 
McCoy Tyner med Ravi Coltrane

I tillegg til Powell-brørne var Thelonious Monk og Art Tatum tidlege inspirasjonskjelder, men han utvikla allereie i tida med Coltrane-kvartetten ein helt eigen og stilskapande identitet.

McCoy Tyner sin pianostil kan samanliknast med den maksimalistiske saksofonstilen til Coltrane.[4] Sjølv om han berre var medlem av Coltrane si gruppe, blei han aldri overskygga av saksofonisten; han komplementerte og inspirerte Coltrane sin opne tilnærming.[4] John Coltrane lovprisa den særeigne stilen til Tyner:

...den største givnaden hans er ein melodisk innfallsrikdom, […] klårleiken til ideane hans. Han får fram ein svært personleg klang frå dette instrumentet og på grunn av dei klangklyngene [cluster] han brukar og måten han gir dei sitt eige preg, er sounden lysare enn ein kunne vente ut frå dei akkordmønstra han spelar. I tillegg har McCoy ein uvanleg godt utvikla formsans både som solist og akkompagnatør. I gruppa vår bygger han alltid sin eigen struktur for kvar låt.[5]

Coltranebiografen Bill Cole meinte at Tyner tidleg lukkast med å skape «ei syntese av Garland, Monk og Wynton Kelly»; «Han har ei sterk venstrehand og viste tidleg sin dugleik i å akkompagnere med svært oppfinnsame harmoniar».[6]

Kollegaen Richie Beirach la vekt på det stildannande elementet frå stride piano-stilen i Tatum-skolen:

McCoy tok stride pianoet som sitt stilistiske hovudelement – med kvintane i bassen og akkordane i midten av klaviaturet. Det er kva eg kallar innovasjon, når ein tek noko frå fortida og arbeider det inn i samtidsvokabularet.[6]

Den tyske jazzbassisten og musikkskribenten Martin Kunzler analyserte Tyner sine nyvinningar:

Han frigjer harmonikken frå si tonikale formbinding. Han set funksjonsharmonikken opp mot eit nytt modalt […] grunngjeve harmonisk konsept. Omdanninga gir ein lineær toneorganisering i vertikalen og forlenginga av ho som gjer det mogleg for pianisten å skape eit betydeleg improvisatorisk frirom for seg og solistane.

McCoy Tyner reflekterte over rolla si i Coltrane-kvartetten:

Gruppa fungerte i første hand som ei lukka eining. Om eg no skulle trekke ut og analysere mi rolle i ho, kan eg eigentleg berre seie det var å vere orkesteret. Med andre ord: det var eg som måtte gi kvartetten klangfylde. Eller som John [Coltrane] brukte å seie det: tettleik og fulltonande klang. Nå kan jo faktisk eit piano behandlast som eit orkester, og det er nett det eg prøver. Eg gav kvartetten ein klang som stadig blei fyldigare, tettare, meir omfattande.[6]

I følgje Ian Carr har Tyner alltid spelt kompositorisk: han tenker framover mens han spelar og har samstundes eit ufeilande instinkt for augneblinken; når han kan improvisere og når han skal spele med i rytmegryppa for å gi solistane støtte. Carr reknar Tyner som ein av dei mest dynamisk spelande pianistane; i tillegg spelar han ikkje «fritt» men likar det tonale og kontrollerte. I ei samtale med jazzskribenten Joachim-Ernst Berendt sa Tyner at all musikk er «ei sjelereise inn i nytt, uutforska terreng. […] Eg forsøker derfor å høyre musikk frå mange ulike land, frå Afrika, India, frå den arabiske verda, europeisk klassisk musikk… Alle musikktypar er bundne saman.»[7] Tyner kommenterte det kraftfulle spelet sitt slik: «Du må bli eitt med instrumentet. Når du byrjar å lære eit instrument er det først ikkje anna enn eit objekt. Men så blir du og instrumentet ditt eitt.»[8] McCoy Tyner har påverka mange seinare pianistar med den karakteristiske sounden sin, til dømes Hal Galper, John Hicks, Henry Butler, Joanne Brackeen og Joachim Kühn.

Prisar endre

Albumet Journey som McCoy Tyner tok opp med storbandet vann i 1995 ein Grammy Award i kategorien «Best Large Jazz Ensemble Performance». Tyner sitt album Infinity (med Michael Brecker) fekk i 1996 ein Grammy i kategorien «Best Jazz Instrumental Performance». I 2004 blei Mc Tyner innlemma i musikkmagasinet Down Beat sin «Hall of Fame».

Songaren Rob Tyner i MC5 tok scenenamnet sitt etter Tyner.

McCoy Tyner i Noreg endre

Referansar og fotnotar endre

  1. John Fordham: McCoy Tyner obituary, The Guardian 9. mars 2020
  2. Carr s. 653.
  3. I Jazz Rough Guide skreiv Ian Carr at The Real McCoy er «eit av dei mest perfekte album på slutten av 1960-åra. Cook og Morton reknar det til McCoy Tyner sine beste verk og gir det beste karakter.»
  4. 4,0 4,1 Allmusic Biography
  5. sitert frå Carr, s. 654. He gets a very personal sound from this instrument and because of the clusters he uses and the way he voices them, that sound is brighter than what would normally be expected from most of the chord patterns he plays. In addition, McCoy has an exceptionally well developed sense of form both als a soloist and an accompanist. Invariably in our group, he will take a tune and built his own structure for it.
  6. 6,0 6,1 6,2 sitert etter Kunzler, s. 1206.
  7. Berendt/Huesmann, s. 376.
  8. sitert etter Berendt/Huesmann, s. 376.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: McCoy Tyner