Mean Mr. Mustard
Song av The Beatles
frå albumet Abbey Road
Utgjeve 26. september 1969
Innspelt 24.–29. juli 1969,
EMI Studios, London
Sjanger Rock
Lengd 1:06
Selskap Apple
Komponist John Lennon, Paul McCartney
Tekstforfattar John Lennon, Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin

Mean Mr. Mustard er ein song av The Beatles på albumet Abbey Road frå 1969. Songen er skriven av John Lennon, men tilskriven på vanleg vis Lennon/McCartney.

Lennon skreiv «Mean Mr. Mustard» i India då han var ved meditasjonsleiren til Maharishi saman med dei andre i The Beatles, inspirert av ei historie han las i avisa, ifølge han sjølv. Historia handla om ein slem gjerrigknark som gøymde pengane sine for å hindre at folk skulle tvinge han til å bruke dei.

Tony Bramwell, forfattar av boka Magical Mystery Tours, My Life With The Beatles, har gjeve ei anna forklaring: «Det var ei gammal posedame som pla henge utanfor Knightsbridge end i Hyde Park, London, nær miltærforlegningen. Ho hadde alt ho eigde i plastposar og slepte dei rundt i parken. Eg er ganske sikker på at ho hadde noko med songen å gjere.»

I det første utkastet til teksten var Mustard si syster kalla Shirley. Lennon endra det til Pam da han såg høve til å få ein overgang til songen «Polythene Pam», som kjem like etter «Mean Mr. Mustard» på Abbey Road. Songen vart spelt inn med «Sun King» som eit samanhengande stykke.

Soga i songen er om den gjerrige mannen med ein stygg munn. Han har ei syster kalla Pam som har ein flott kropp, men andlet som ein mann og har søppelsekk til klede.

Mange har feilaktig trudd at verselinja «keeps a ten bob note up his nose» refererte til kokain då songen kom ut og enkelte radiostasjonar nekta å spele songen på grunn av dette, men i røynda er «bob» eit populært namn for ein skilling, som tilsvarte 12 gamle pence på 1960-talet før dissimilasjonen av pengesystemet på byrjinga av 1970-talet. Ein ten-bob var derfor den minste pengesetelen på The Beatles si tid.

Medverkande endre


Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre