Meerut er ein by i den indiske delstaten Uttar Pradesh. Han er administrasjonsby for eit distrikt med same namn. Ved folketeljinga i 2011 hadde han 1 305 429. innbyggjar.[1] På same tid hadde storbyområdet 1 420 902. innbyggjar, inklusive garnisonbyen ved Meerut og nokre andre mindre forstader.[1]

Meerut
मेरठ
uttale
by
Land  India
Stat Uttar Pradesh
Areal 141,94 km²
Folketal 1 305 429 (2011)
Kart
Meerut
28°59′N 77°42′E / 28.99°N 77.7°E / 28.99; 77.7
Wikimedia Commons: Meerut

Byen ligg 80 km nordaust for den indiske hovudstaden New Delhi og 480 km vest for delstatshovudstadem Lucknow.[2]

Historie endre

Meerut er særs gammal. Han var ein av dei seksten storbyane i riket til Ashoka, og det blei reist ei asjokasøyle her. Byen var òg ein viktig valdfartsstad for buddhistar.

Byen blei erobra av muslimar for fyrste gong i 1192, og blei plyndra av Timur Lenk i 1399. Området nær Ganges og Yamuna i Uttar Pradesh der Meerut ligg blei overlate av den lokale herskaren til britane i 1803. Han er rekna som staden der det indiske opprøret, også kjent som sepoyopprøret, braut ut i 1857.[2]

Geografi endre

Meerut legg mellom elveslettene til Ganges og Yamuna. Jordsmonnet i området er fruktbart, og høver til å dyrka kveite, sukkerrøyr og grønsaker i.[3]

Klima endre

Meerut har monsunpåverka fuktig subtropisk klima kjenneteina av varme somrar og kjøligare vintrar. Sommaren byrjar typisk tidleg i april og varer til seint i juni med ekstremt høge temperaturar, opp til 49 °C.[3] Monsunen byrjar seint i juni og heldt fram til midten av september. Då går temperaturen litt ned, og vêret er overskya med høgare luftfukt. Temperaturane går opp att i oktober og byen har ei mild, tørr vintertid frå november til midten av mars.[3] Den lågaste temperaturen ein har målt her er −0,4 °C , målt 6. januar 2013.[4] Den årlege nedbørsmengda er kring 845 millimeter, det meste kjem i monsuntida. Luftfukt varierer frå 30 til 100 %.[3]

Vêrdata for Meerut (1971–2000)
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 29,3 32,2 39,5 43,5 45,8 46,1 46 40 39 38 34,5 30 46,1
Gjennomsnittleg maks °C 21,9 23,1 28,7 36,3 39,1 37,6 33,6 32,6 33,7 32,8 28,6 23,5 31,1
Gjennomsnittleg min °C 7,2 9,1 13,8 19,9 24,3 26 25,9 25,5 23,6 18,2 12,4 8 17,7
Lågast målte °C −0,4 0,1 5,4 8,3 15,4 17,7 16,5 19 15,7 7,2 1,8 0,2 −0,4
Gjennomsnittleg nedbør mm 19,7 24,9 24,4 12,8 19,1 71,2 269 264,7 95,4 25,9 4,3 13,4 845
Gns. dagar med regn 1,5 1,7 1,7 0,9 1,6 3,9 10,2 9,4 4,2 1,6 0,4 0,9 38
Gns. luftfukt (%) 88 83 75 54 58 68 81 84 83 78 79 86 76
Kjelde: India Meteorological Department (record high and low up to 2012)[5][6][7][8]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Office of The Registrar General & Census Commissioner, India; Census Digital Library, Table Series/Tabulations Plan of Census Year – 2011/Primary Census Abstract/Urban Agglomeration Läst 6 juli 2014.
  2. 2,0 2,1 CDP 2006, Chapter 3.0 - City Profile, p. 37
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 «Chapter 3 – Findings: Metro Cities of India» (PDF). Central Pollution Control Board. s. 63. Arkivert frå originalen (PDF) 23. september 2015. Henta 1. april 2011. 
  4. «Frozen Meerut» (på hindi). iNext. 7. januar 2013. Arkivert frå originalen 2. oktober 2013. Henta 29. september 2013. 
  5. «Station: Meerut Climatological Table 1981–2010» (PDF). Climatological Normals 1981–2010. India Meteorological Department. Januar 2015. s. 509–510. Arkivert frå originalen 5. februar 2020. Henta 1. mars 2020. 
  6. «Meerut Climatological Table Period: 1971–2000». India Meteorological Department. Arkivert frå originalen 14. februar 2014. Henta 15. april 2015. 
  7. «Ever recorded Maximum and minimum temperatures up to 2010» (PDF). India Meteorological Department. Arkivert frå originalen (PDF) 16 March 2014. Henta 15 April 2015. 
  8. «Extremes of Temperature & Rainfall for Indian Stations (Up to 2012)» (PDF). India Meteorological Department. December 2016. s. M46. Arkivert frå originalen (PDF) 5 February 2020. Henta 26. desember 2020. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Meerut