Meet Me in the Morning
Meet Me in the Morning Song av Bob Dylan frå albumet Blood on the Tracks | ||
Utgjeve | Januar 1975 | |
Innspelt | 16. september 1974 | |
Sjanger | Blues | |
Lengd | 4:22 | |
Selskap | Columbia | |
Låtskrivar(ar) | Bob Dylan | |
---|---|---|
Produsent | Bob Dylan |
«Meet Me in the Morning» er ein bluessong skriven av Bob Dylan, spelt inn i New York City den 16. september 1974 og gjeven ut på det 15. studioalbumet hans, Blood on the Tracks, i 1975.
Eit opptak frå 19. september 1974 av «Meet Me in the Morning» kom ut som B-sida til Record Store Day 2012-utgåva av Dylan-singelen «Duquesne Whistle» og på den enkle CD-utgåva og den doble vinylutgåva av The Bootleg Series Vol. 14: More Blood, More Tracks i 2018. Alle opptaka av songen kom ut på luksusutgåva av dette albumet.[1]
Den 19. september 2007 spelte Dylan songen på ei konsert for første gongen under ein konsert i Nashville. Med seg å scenen hadde han Jack White frå The White Stripes.[2]
«Meet Me in the Morning» vart nytta i filmen Away We Go.
Andre versjonar endre
Den amerikanske heavy metal-artisten Jason Becker spelte inn ein versjon av songen og gav han ut på albumet sitt Perspective (1995).
Den russiske rockemusikaren Mike Naumenko skreiv ein song kalla «Позвони мне рано утром», som var inspirert av denne Dylan-songen.[3]
Norsk versjon endre
Tom Roger Aadland skreiv ein nynorsk tekst til songen kalla «Kom i morgon tidleg». Denne gav han ut i 2009 på albumet Blod i spora.
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Meet Me in the Morning» frå Wikipedia på engelsk, den 25. november 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «More Blood, More Tracks – The Bootleg Series Vol. 14 to Be Released on November 2 | The Official Bob Dylan Site». www.bobdylan.com (på engelsk). Henta 25. november 2018.
- ↑ Bob Dylan - Bob Links - Nashville, Tennessee - set list - 09/19/07
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 22. september 2018, henta 25. november 2018