Megareksi er ein mental tilstand, eller kroppsbileteforstyrring, der ein person blir sjukleg opptatt av å få stor muskelmasse, og bli sterkare. Personen ser på seg sjølv som for liten, eller tynn, men er gjerne godt over gjennomsnittleg muskulær. Sjukdommen vert også kalla for vigoreksi, omvendt anoreksi eller Adonis-kompleks.

Utøvarar innan kroppsbygging synest å vere spesielt utsette. Ei undersøking frå Idrettsvitskapelig institutt ved NTNU konkluderte med at 6,5 % av dei mennene som trena på treningssenter viste teikn på megareksi.[1]

Kjelde endre

Fotnotar endre

  1. ntnu.no: Body builders subject to megarexia (engelsk)