Ein mehissá (hebraisk מְחִצָּה məḥiṣṣā) er eit fysisk skilje mellom manns- og kvinneavdelingane av synagogerommet i tradisjonelle og ortodokse synagogar. Dette skiljet kan vera alt frå eit halvmeterhøgt rekkverk til eit separat kvinnegalleri eller ein fullhøg skiljevegg med gittervindauge.

I ortodokse ikkje-egalitære tradisjonelle synagogar er hovudregelen at mehissáen skil mellom ein sentral og aktiv mannsseksjon og ein perifer og vanlegvis passiv kvinneseksjon. I feministisk-ortodokse og tradisjonell-egalitære synagogar er gjerne mehissáen sett opp slik at kvinner og menn har lik tilgang til tebáen (bimaen) og arka.

Mehissáen er avskaffa i mange tradisjonell-egalitære synagogar, alle reformsynagogar og dei aller fleste konservative og rekonstruksjonistiske synagogar.