Meisel (tysk Meissel) eller meitel (norrønt meitill av meita ‘skjera, klippa’)[1] er eit slagverktøy ein kan bruka til utskjering og tilverking av tre, stein og metall. Ein vanleg meisel er kileforma og har ein rett, breid, herda egg. Ein held meiselen i skråstilling mot arbeidsstykket og driv han med hammerslag.[2]

Steinhoggar med meisel.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Meisel