Meisterklasse (engelsk master class eller masterclass) er ei form for opplæring innan eit emne gjeve av ein meister på området. Slike klassar går føre seg innan eit avgrensa tidsrom, som ei helg eller ei veke. Omgrepet blir mellom anna nytta innan musikk, og viser då til undervising eller instruksjon av ein framståande musikar, songar eller dirigent.

Meisterklasse med René Le Roy i 1981.

Meisterklasse er ei form for undervising for vidarekomne som ofte går føre seg framfor publikum. Tilskodarane kan også ha utbytte av undervisinga.[1]

Musikalske meisterklassar kan førast tilbake til Franz Liszt, som blir rekna som opphavsmannen til denne undervisingsforma.[2] Andre kjende «meistrar» har mellom anna vore Yehudi Menuhin, Isaac Stern, Itzhak Perlman og Vladimir Horowitz.

Kjelder endre

  1. Piers Spencer Master class, The Oxford Companion to Music , Oxford Music Online
  2. Alan Walker, et al. Franz Liszt frå Oxford Music Online