Må ikkje forvekslast med melamin eller melatonin.

Melanin (av gamalgresk μέλας melas, 'svart, mørk') er ei samlenemning for ei rekkje naturlege pigment som finst i nesten alle organismar, med unntak av mellom anna edderkoppdyr. Det blir produsert av spesialiserte grupper med bindevev og anna cellevev kalla melanocyttar.[1] Dette skjer gjennom oksidasjon av aminosyra tyrosin, etterfølgd av polymerisering.

Albinisme oppstår når melanocyttane produserer lite eller ingen melanin. Bildet er teke i Papua Ny-Guinea.

Det finst tre grunnleggande former av melanin: eumelanin, feomelanin og nevromelanin. Eumelanin er vanlegast og finst i to former: brunt eumelanin og svart eumelanin. Feomelanin er ein cysteinhaldig, raud polymer som mellom anna fargelegg raudt hår. Nevromelanin er eit mørkt pigment som finst i hjernen. Oppgåvene til dette melaninet er dårleg forstått.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Langeland, Tor (13. februar 2009). «Melanin». Store Medisinske Leksikon (Store Norske Leksikon). Henta 1. desember 2014. 
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.