Melchior Lorck eller Melchior Lorichs (fødd ca. 1527 i Flensburg i hertugdømet Slesvig, død 1588 i København[1]) var ein tysk-dansk multikunstnar. Han hadde ei omfattande kunstnarisk verksemd som den danske kunsthistorikaren og forfattaren Erik Fischer beskriv såleis:

Melchior Lorck

Sjølvportrett frå 1575
Nasjonalitet tysk-dansk
Statsborgarskap Danmark
Fødd 1526-1527
Flensburg i hertugdømet Slesvig
Død

Ca. 1588
København

Yrke grafikar, kunstmålar
Melchior Lorck på Commons
«han var digter, opdagelsesrejsende, forfatter af etnografiske beskrivelser, kartograf, maler, tegner, grafiker, arkitekt, guldsmed, festarrangør; han var en adelsmand i kongelig og kejserlig tjeneste, havde venskabelige og bidragydende tilknytninger til tidens humanistiske videnskabsmiljø, var muligvis tillige diplomat.»[2]

Lorck er rekna for ein av dei store teiknarane i renessansen og den første viktige grafikaren knytt til dansk kunsthistorie.

Liv og virke endre

Lorck var frå ein gamal adelsfamilie i Flensburg, faren var fut og rådmann og ein kjenning av Kristian III.[1] Kongen tilbydde seg å finansiere utdanninga hans mot at han seinare kom att for å arbeide som kunstnar ved hoffet.[3]

 
Portrett av sultan Suleiman den store frå 1559 av Melchior Lorck. Koparstikk 406 x 287 mm tilhøyrer Statens Museum for Kunst i København
 
Lorcks portrett av Fredrik II.
”Melchior Loricks ad vivum delineabat Ao 1580 / Et in cere sculpebat Ao 1582” (”Melchior Lorck teikna dette etter levande modell i 1580 – og stakk det i 1582”).
450 x 320 mm
Tilhøyrer Statens Museum for Kunst[4]

Lorck var i ein periode lærling ved ein gullsmedverkstad i Lübeck og vitja dei leiande kunstsentera i Tyskland, Nederlanda og Italia.[1][3] Da han hadde brukt opp pengane han hadde fått frå Kristian III vende han ikkje attende slik han hadde lova.[3]

I 1555 vart Lorck tilsett hos den tyske keisaren Ferdinand I i Wien. Keisaren sende han med på ei reise til Det osmanske riket og fram til 1559 vart han i tre og eit halvt år knytt til den keisarlege tyske ambassaden hos Süleyman I i det daverande Konstantinopel.[1] Oppgåva til Lorck var å skildre livet til dei som budde der og på det viset auke Vestens kjennskap til tyrkisk kultur.[3]

Etter at Melchior Lorch kom heim slo han seg ned i Wien. Han arbeidde på skissene han hadde utført i Tyrkia. Han utførte eit ca. 12 meter langt prospekt som sidan 1599 har vore i Leiden. Dei to store koparstikka med portrett av Süleyman I den store og den persiske utsendingen i Konstantinopel vart utført i dei kommande åra.

Til saman vart det 128 tresnitt frå reisa til Lorck, og meininga var at han skulle gje dei ut i ei bok. Det vart ikkje noko av i levetida hans og boka – Tyrkerværket – kom ut først i 1626.

Lorck reiste frå Wien og kom til København. Den 19. februar 1580 vart han tilsett som hoffmålar hos Fredrik II.[1] Ein kjenner ikkje mykje til arbeida hans for kongen med unntak av eit koparstikk av kongen, eit måleri og eit tresnitt som ser ut til å ha vore tenkt nytta til Elefantordenen. Den siste betalinga til han er datert 4. mars 1583.[1]

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Melchior LorckKunstindeks Danmark / Weilbachs Kunstnerleksikon
  2. Erik Fischer: Melchior Lorck en dansk vagants levnedsløb i det 16. aarhundrede frå Tidsskrift.dk /Internet Archive
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Melchior Lorck Arkivert 2015-02-04 ved Wayback Machine. frå Statens Museum for Kunst
  4. At brande Frederik 2. Om Melchior Lorcks kobberstik-portræt af Frederik 2.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Melchior Lorck