For litteratursjangeren, sjå memoarar.

Memoar er ein norsk ideell organisasjon. Føremålet han er å «fremje ein kultur for å ta vare på og dela munnlege forteljingar om levt liv», Organisasjonen vart stifta i Bergen i 2015. Sidan starten har han vore initiativtakar og deltakar i intervjuprosjekt der føremålet har vore å samla inn munnleg kjeldematerial, avlevera det til offentleg arkiv og gjera det tilgjengeleg på nett.[1] Organisasjonen driv òg kursverksemd for å få fleire frivillige og profesjonelle til å engasjera seg i innsamling av munnleg material. Verksemda er ein kombinasjon av frivillig organisasjonsarbeid og lønt prosjektarbeid. Organisasjonen vert leia av eit styre på fem medlemmar som vert valde av årsmøtet ein gong kvart år. Leiar for stiftelsen har vore Bjørn Enes.

Memoar
Org.nummer915 636 926
Skipa2. juli 2015
HovudkontorBergen

Prosjekt endre

  • Memoarkonferansen - ein årleg konferanse som samlar akademia, kultursektor og frivillig sektor med utgangspunkt i interessa for munnleg historie og forteljingar om levde liv fortalt av individa sjølv.[2]
  • Munnleg historie for alle - eit treårig prosjekt (2019-2022) finansiert av Sparebankstiftelsen DNB med føremål å halda kurs i videointervjuing over heile landet.[3]
  • «Vendepunkt 1975» - 10 intervju av personar som arbeidde ved Falconbridge Nikkelverk i tiåra rundt 1975, då nesten eit hundreår med samanhengande vekst i norsk industrisysselsetjing snudde til tilbakegang. Prosjektet er eit samarbeid med Industri Energi og Norsk etnologisk gransking.[4]
  • «Sjøfartsminne» - Intervjuserie i samarbeid med Bergens Sjøfartsmuseum og Bergens Skipperforening. Sjøfolk og andre knytte til seg sjøfartsnæringane fortel sine yrkeshistorier. Opptaka vert gjort i museet med publikum til stades.[5]
  • Bergensminne: Sidan sommaren 2015 har Memoar samla munnlig historie om levt liv i Bergen. Sidan 2016 har organisasjonen samarbeidd med Bergen offentlege bibliotek om å drifta eit intervjustudio i biblioteket. Alle innbyggjarar i Bergen kan låna studio gratis.[6]
  • «Minnesamlarkurs»: Memoar gjennomførte hausten 2016 eit utviklingsarbeid saman med Norsk etnologisk gransking og Folkeminnesamlinga for å utvikla eit introduksjonskurs om minnesamling med video. Målgruppe er både profesjonelle og amatørar.[7]
  • Krafttak for munnleg historie i Hordaland. Hausten 2017 fekk Memoar middel frå Hordaland fylka for å gjennomføra eit Kulturelt utviklingsprosjekt for å styrkja arbeidet med munnleg historie i Hordaland. Dette prosjektet går i perioden 2016-2020.[8]
  • Borregårdsamfunnet er eit samarbeid med Østfoldmuseene om innsamling av munnleg kjeldematerial om Borregård fabrikkar og samfunnet rundt. Prosjektet starta våren 2017.
  • Jarnbaneminne er eit samarbeid med Norsk Industriarbeidarmuseum om innsamling av munnleg historie om Rjukanbanen. Prosjektsamarbeidet starta våren 2017.

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre