Menasseh Ben Israel

Menasseh Ben Israel (160420. november 1657) var ein sefardisk rabbinar, forskar, skribent, diplomat, boktrykkjar og utgjevar; grunnleggjar av det første hebraiske boktrykkjeriet i Amsterdam i 1626.

Menasseh Ben Israel

Statsborgarskap Dei sameinte Nederlanda, Kongedømet Portugal
Fødd 1604
Madeira øy, Lisboa, La Rochelle
Død

20. november 1657 (53 år)
Middelburg

Yrke filosof, forleggjar, skribent, rabbinar, diplomat, trykker
Språk hebraisk, latin, spansk
Religion Jødedommen
Menasseh Ben Israel på Commons

Biografi endre

Manoel Dias Soeyro, som var namnet han voks opp med, vart fødd på Madeira i 1604, året etter at foreldra hans flykta frå Portugal på grunn av Inkvisisjonen. Familien flytte til Nederland i 1610. Nederland var på denne tida midt i åttiårskrigen (15681648) — ein krig som i stor grad dreidde seg om religiøst opprør. Familien kom dit under våpenkvila som Frankrike og England hadde mekla fram i Haag.

Menasseh Ben Israel var ein ven av Rembrandt.

Menasseh er særleg kjend for petisjonsbrevet sitt åt Oliver Cromwell og Det britiske parlamentet for å gjera om dei tidlegare engelske herskarane sine vedtak og lata jødane flytte attende til England. Petisjonen førte fram, og det voks gradvis fram ein jødisk busetnad i Storbritannia frå da av.

Menasseh ben Israel døydde i Middelburg i Nederland hausten 1657, kort etter heimkomsten frå England.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Menasseh Ben Israel
  Denne jødedomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Åtvaring: Standardsorteringa «Ben Israel, Menasseh» tar over for den tidlegare sorteringa «Israel, Menasseh Ben».