MSD (forkorting for «Merck, Sharp & Dohme»), kjend som Merck & Co. i USA og Canada, er eit amerikansk konsern som produserer legemiddel og farmasøytiske produkt. Konsernet, som er eitt av dei fem største legemiddelfirma i verda, var opphavleg eit dotterselskap av det tyske legemiddelfirmaet Merck, men vart til liks med andre tyske aktiva konfiskert under fyrste verdskrig og gjort om til eit sjølvstendig amerikansk selskap. 4. november 2009 fusjonerte MSD med legemiddelfirmaet Schering-Plough.

MSD


Pennsylvania. Sjå dette på Wikidata
Org.formBørsnotert selskap
BransjeFarmasøytisk industri
Skipa1891
LandUSA
ProduktGardasil
Grunnleggjar(ar)George Merck
Adm.dir.Kenneth Frazier
Dagleg leiarKenneth Frazier
Resultat14 519 000 000 USA-dollar (2022)[1]
Marknadsverdi178 400 000 000 USA-dollar (2017)
Nettstadhttp://www.merck.com (engelsk)

MSD (Norge) AS vart etablert i 1973, og har sidan 1975 halde til i Drammen. Selskapet tilhøyrer det internasjonale farmasøytiske selskapet Merck & Co.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre