Mercury Islands (Merkurøyene) er ei øykjede som ligg utanfor nordaustkysten til NordøyaNew Zealand. Dei ligg åtte km utanfor kysten til Coromandelhalvøya, og 35 km nordaust for byen Whitianga.

Fargebilete teke av NASAs Terra satellitt, 23. oktober 2002. Mercury Islands er så vidt synlege oppe til høgre, nordaust for Coromandelhalvøya

Øykjeda består av den store Great Mercury Island (også kjend som Ahuahu) i vest, Red Mercury Island i aust, og fem mykje mindre øyer mellom desse to. Berre den største av øyane er busett, dei andre er delar av eit naturreservat. Sør for desse øyane ligg talrike små øyar nord for innløpet til Mercury Bay. Ei einsleg øy, Cuvier Island, ligg 15 km nord for Great Mercury Island, men denne øya er normalt ikkje rekna som ein del av Mercury Island-gruppa. Great Mercury Island er restane av ein ryolittvulkan frå pliocentida.

Great Mercury Island er eigd av Michael Fay, ein tidlegare framståande newzealandsk forretningsmann som no er busett i Sveits. Øygruppa vert ein gong i mellom omtala med det tidlegare namnet sitt, Iles d'Hausse.

Referanse endre

36°35′S 175°55′E / 36.583°S 175.917°E / -36.583; 175.917