Merovingarar eller merovingarane er nemninga på den første kongeætta som rådde over Frankarriket. Dei sat med kongsmakta frå 451 til 751, då karolingarane tok over. Namnet merovingar skriv seg frå Merovech eller Merovic, som rådde for frankarane frå om lag 451 til 458. Merovech er rekna som stamfar til heile ætta, sjølv om overleveringa fortel at slekta skriv seg frå ein Marcomer som var i romersk teneste seint på 300-talet, og sonen hans, Faramond. Frå Faramond finst det ein Lex Salicum, som skal ha vore rettskraftig så seint som i 1415, og grunngav kravet Henry V gjorde på den franske krona.

Det merovingiske kongeriket.

Merovingarane var ei typisk germansk hovdingætt, og prega fransk og europeisk politikk frå midten av 400-talet til dei vart avsette av karolingarane om lag 751. Særmerket deira var at alle merovingarkongane hadde langt hår, noko som tydde manndom og styrke. Då den siste kongen, Chilperic III, vart sett i kloster, av hushovmeisteren Pippin den stutte, vart kuppet sett i verk ved å symbolsk skjera av han alt håret.

Elles hadde merovingarane, som andre hovdingætter av same slag, tradisjon for samkongedøme, noko som ofte kom til å dele opp kongeriket i den tida dei rådde for frankarane. Dette førte òg til ufred mellom brør og kongesøner. I kongerekkja finn ein difor ofte at fleire rår samstundes.

Kongerekkje endre

Chlodovech I eller Clovis rådde for heile Gallia etter 509 til han døydde i 511.

Chlodovech sameinte så godt som heile det romerske Gallia under sitt styre, so vel som Soissons, som den romerske hærføraren Syagrius hadde rådd for før. Han valde Paris som hovudstad, og dette vart fremste bustaden hans, saman med Soissons, Reims, Metz, og Orléans. Då han døydde, vart riket delt mellom dei fire sønene hans:

Soissons

Paris

Orléans

Reims

Chlotaire I arva etter kvart alle dei frankiske kongedøma etter at brørne eller etterfølgjarane deira var daude. Etter at han sjølv fór av, vart kongedømet delt opp att mellom sønene hans:

Soissons (etter kvart Neustria)

Paris

Orléans (Med tida Burgund)

Reims og Metz (Med tida Austrasia)

Chlotaire II varde Brunhilda og sonesonen hennar. Han sameinte kongedømet på ny. Men i 623 gav han den unge sonen sin til Austrasia for at denne skulle vera konge der. Sonen åt etterfølgjaren hans, Dagobert I, heldt fram denne politikken ved å utnemne ein underkonge for Akvitania, som skulle rå frå Toulouse, i 629.

Neustria og Burgund

Akvitania

Austrasia

Theuderic III vart kanna som konge over alle frankarar i 679. Frå då av kan ein rekne kongedømet som samla att, trass i nokre mindre feidar.

Merovingarar i kulturen endre

Merovingarane spelar ei rolle i nyare utleggingar av segna om Gralen, og Dan Brown knyter slekta til ei gissa blodline etter Jesus og Maria Magdalena. I denne tradisjonen skulle Merovic (med eit namn som er knytt til ord-lekken *mar, hav), vera komen frå havet eller vera son av eit havuhyre, som vert tolka inn i denne tradisjonen. Den faktiske ættlina etter Faramond ser Dan Brown heilt bort frå. Mykje av spekulasjonen kring Da Vinci-koden krinsar om lagnaden til kong Dagobert II.

Kjelder endre