Merskum (av tysk for «havskum») er ei massiv form av mineralet sepiolitt, som er eit vasshaldig magnesiumsilikat. Det oppstår ved forvitring av serpentin. Merskum dannar bleikgule eller gråkvite massar som er særs blaute, porøse og flyt på vatn, noko som har gjeve opphav til namnet. Det har ei matt, jordliknande overflate som blir blank ved polering. Merskum er særleg kjent frå Eskisehir i Tyrkia. Det vert nytta til pipehovud og ulike prydgjenstandar. Forfalskingar er vanlege.

Merskumpipe

Kjelder endre

  • «Merskum». Store norske leksikon. 14. februar 2009. Henta 14. februar 2014.