Merwede er namnet på fleire stykke av Rhinen-Maas-Schelde-deltaet i Nederland. Maas renn i saman med Waal ved Woudrichem og dannar Boven-Merwede (Øvre Merwede). Eit par kilometer nedanfor deler ho seg i Beneden-Merwede (Nedre Merwede) til høgre og Nieuwe Merwede (Nye Merwede) til venstre. Alle desse er tidvasselvar. Nieuwe Merwede renn i saman med Bergse Maas nær Lage Zwaluwe og dannar estuaret Hollands Diep og skil øya Dordrecht frå Biesbosch nasjonalpark. Beneden Merwede deler seg i Noord og Oude Maas nær Papendrecht.

Brua Merwedebrug over Beneden Merwede

Kjelder endre