Mesolóngi

(Omdirigert frå Mesolongion)
Mesolóngi
Lokalt namn Μεσολόγγι

Frå den vestlege delen av Mesolóngi
Geografi
Stad Sentral-Hellas
Koordinatar 38°23′N 21°26′E / 38.383°N 21.433°E / 38.383; 21.433
Areal 674,1 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Vest-Hellas
Etoloakarnanía
Hovudsete Mesolóngi (12 444 innb.)
Demografi
Folketal 32 048 (2021[1])
Folketettleik 47,5 /km²

Mesolóngi (gresk Μεσολόγγι), tidlegare òg skrive Mesolongi, Misolonghi eller Mesolongion, er ein kommune og ein by i periferieininga Etoloakarnanía, der han er hovudstad, i Vest-Hellas i Hellas. Kommunen heiter offisielt Den heilage byen Mesolóngi (Ιερά πόλη Μεσολογγίου, Ierá póli Mesolongíou).

Byen ligg på nordsida av Pátrabukta mellom elvane Akhelóos og Évinos. Sjølve byen har vel 12 000 innbyggjarar. Fjellet Arákynthos ligg i nordaust.

Administrativ inndeling endre

 
Den tidlegare kommunen Mesolóngi, no kommunaleininga Mesolóngi

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei tre tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 32 048 innbyggjarar, medan kommunaleininga Mesolóngi hadde 17 440 og tettstaden med same namn 12 444 innbyggjarar.[1]

Byar og tettstader endre

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[3] Folketal 2021[1]
Mesolóngi Mesolóngi 12 785 12 444
Etolikó Etolikó 4 012 3 783
Neokhóri Iniádes 2 827 2 611
Katokhí Iniádes 2 829 2 514
Evinokhóri Mesolóngi 1 651 1 451
Pendálofos Iniádes 889 802
Gouriá Iniádes 862 737
Lesíni Iniádes 771 671
Ájos Thomás Mesolóngi 541 587
Stamná Etolikó 651 517

Småøyar i kommunen:

  • Tourlí (15)
  • Kómma (0)
  • Prokopánistos (0)
  • Skhiniá (0)
  • Vasiládi (0)

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.