Mesopausen er ei grense mellom mesosfæren og termosfæren, som er to lag i atmosfæren til Jorda. I mesosfæren søkk temperaturen med høgda, medan temperaturen i termosfæren aukar med høgda på grunn av at solstråling blir absorbert av oksygenatom. Mesopausen markerer grensa der temperaturen går frå å falle med høgda til der temperaturen byrjar å stige med høgda.

Mesopausen ligg i om lag 80 km høgde, og er om lag i same nivå som turbopausen. Under dette nivået vil alle gassar i lufta vere meir eller mindre uniformt blanda, medan konsentrasjonen av kvar enkelt gass vil endre seg med høgda over dette nivået.

Jordatmosfæren

  Troposfæren | Stratosfæren | Mesosfæren | Termosfæren | Eksosfæren  

  Tropopause | Stratopause | Mesopause | Eksobase  

  Ozonlaget | Turbopause | Ionosfæren