Meta Platforms, Inc., kjent som Facebook, Inc. fram til 28. oktober 2021, er eit amerikansk fleirnasjonalt teknologikonsern med hovudkontor i Menlo Park, California. Det er morselskapet til Facebook og dotterselskapa til tenesta. Det er eit av verdas mest verdifulle selskap og er rekna som ein av «dei fem store» IT-selskapa i USA, saman med Amazon, Alphabet, Apple og Microsoft. Selskapet genererer dei fleste av inntektene ved sal av annonseplasseringar til marknadsførarar.

Meta, Inc.


BransjeInformasjonsteknologi
Skipa4. januar 2004; 20 år sidan (2004-01-04)
EigarMark Zuckerberg,[1] Dustin Moskovitz,[1] Eduardo Saverin,[1] BlackRock,[1] Mark Zuckerberg,[2] Dustin Moskovitz,[2] Eduardo Saverin[2]
DotterselskapMapillary,[3] Instagram,[4] Facebook AI Research
HovudkontorMenlo Park, California, USA
LandUSA[5]
Produktprogramvare, Facebook Messenger, Facebook, Instagram, WhatsApp, Meta pixel, Facebook Custom Audience
TenesterFacebook
Instagram
Messenger
WhatsApp
Oculus
Mapillary
Workplace
Portal
Diem
Grunnleggjar(ar)Mark Zuckerberg, Eduardo Saverin, Dustin Moskovitz, Chris Hughes, Andrew McCollum
NykelpersonarMark Zuckerberg (CEO)
Sheryl Sandberg (COO)
David Wehner (CFO)
Mike Schroepfer (CTO)
Chris Cox (CPO)
Adm.dir.Mark Zuckerberg (4. februar 2004)
Dagleg leiarMark Zuckerberg
Tilsette60 654 (31. mars 2021)
Salsinntekter46 751 000 000 USA-dollar (2023)[6]
Omsetnad46 751 000 000 USA-dollar (2023)[6]
Resultat39 098 000 000 USA-dollar (2023)[6]
Nettstadabout.facebook.com

Meta tilbyr andre produkt og tenester, inkludert Facebook Messenger, Facebook Watch og Facebook Portal. Det har også kjøpt opp Giphy og Mapillary, og eig 9,99 % av aksjane i Jio Platforms.[treng kjelde]

I oktober 2021 rapporterte medium at morselskapet til Facebook hadde planar om å endre namnet til å «reflektere fokuset på å byggje opp eit metavers». Selskapet skifta namn til Meta seinare same månad, den 28. oktober. Namnet «Meta» kjem av gresk og tyder 'bortanfor', som indikerer det futuristiske motivet bak.[7]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre