Metal Machine Music

Metal Machine Music
Studioalbum av Lou Reed
Språk inkje språkleg innhald
Utgjeve Juli 1975
Sjanger
Lengd 64:11/
Selskap RCA
Produsent Lou Reed
Lou Reed-kronologi 
Lou Reed Live
(1975)
Metal Machine Music Coney Island Baby
(1975)


Metal Machine Music, med undertittelen *The Amine β Ring, er det femte soloalbumet til den amerikanske rockemusikaren Lou Reed. Det vart spelt på ein tre-snøggleiks Uher-maskin og vart mastra av lydteikniaren Bob Ludwig.[1] Det vart gjeve ut som eit dobbeltalbum av RCA Records i juli 1975, men vart teken av marknaden tre veker seinare.[2]

. Det vart gjeve ut att på ein enkel CD av BMG i 1997 og igjen av Buddah Records i 2000.

Albumet skil seg kraftig ut frå resten av Reed-katalogen og har ingen songar eller gjenkjenneleg strukturerte komposisjonar, utan melodi eller rytme. Det består i staden av over ein time med overmodulert feedback og gitareffektar, miksa saman i forskjellig snøggleik av Reed sjølv.

Albumet gjorde Reed til latter i rockeindustrien, medan han samstundes opna døra for dei seinare, meir eksperimentelle materiale hans, og har generelt blitt slakta av kritikarane sidan det kom ut. I 2008 samarbeidde Reed, Ulrich Krieger og Sarth Calhoun om ein turné der dei spelte fri improvisasjon inspirert av albumet, som Metal Machine Trio. I 2011 gav Reed ut ei ommastra utgåve av Metal Machine Music.[3][4]

Stil endre

Måten Reed stemde alle gitarstrengane til same tone[5] var i stor grad inspirert av bordunmusikken til La Monte Young sitt Theatre of Eternal Music i midten av 1960-åra,[6][7] der medlemmane var John Cale, Tony Conrad, Angus MacLise og Marian Zazeela.[8] Både Cale og MacLise var medlemmar av The Velvet Underground. (MacLise slutta før gruppa byrja innspelingar.)

Cale tok med seg The Theatre of Eternal Music sine uovereinsstemmande vedvarande tonar og høge forsterking inn i The Velvet Underground ved å bruke både diskordans og feedback. Nyare utgjevingar av innspelingar av Cale og Conrad frå midten av 60-åra, som Cale sin Inside the Dream Syndicate-serie (The Dream Syndicate var eit alternativ namn gjeven av Cale og Conrad på samarbeidet sitt med Young) vitnar om innverknaden dette eksperimentelle arbeidet hadde på Reed fleire år seinare.

I eit intervju med rockejournalisten Lester Bangs sa Reed at han «hadde òg lytta mykje til Xenakis.» Han hevda òg at han med vilje plasserte soniske allusjonar til klassiske verk som Beethoven-symfoniane Eroica og Pastoral i forvrenging, og han hadde prøvd å få albumet gjeve ut på RCA sin Red Seal-etikett for klassisk musikk. Han hevda òg dette i eit intervju i 2007.[9]

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [10]
Chicago Tribune    [11]
Christgau's Record GuideC+[12]
Classic Rock5/10[13]
MusicHound Rockwoof![14]
Pitchfork8.7/10[15]
Record Collector     [16]
The Rolling Stone Album Guide     [17]

Metal Machine Music forvirra kritikarane og lyttarane då det først kom ut. The Stranger-journalisten Dave Segal hevda seinare at det var ei av dei mest splittande platene nokosinne, og utfordra både kritikarar og kjernepublikummet til artisten omtrent som Miles Davis sitt Agharta-album gjorde omtrent på same tid.[18]

Ved utgivinga vart plata skildra i magasinet Rolling Stone som noko som høyrdest ut som «det røyrforma stønnet frå eit galaktisk kjøleskap» og like ubehageleg å oppleva som «ei natt på ein bussterminal».[19] I Rolling Stone Record Guide frå 1979 sa kritikaren Billy Altman at det var «ei dobbelplate beståande av ikkje noko meir enn øyreøydeleggande elektronisk slam, garantert å rydda kvart rom for menneske på rekordtid». (Dette aspektet av albumet er nemnt i Bruce Sterling-novella «Dori Bangs».) Den første utgåva av den banebrytande New York-zinen Punk omtalte Reed og albumet i det første nummeret frå 1976, og varsla både dne komande punken og diskordansen i No Wave-miljøet i New York. Reed-biografen Victor Bockris skreiv at innspelinga kan forståast som «det ultimate konseptuelle punkalbumet og stamfaderen til New York-punkrock». Albumet vart rangert på andreplassen i boka The Worst Rock 'n' Roll Records of All Time frå 1991 av Jimmy Guterman og Owen O'Donnell.[20]

Village Voice-kritikaren Robert Christgau omtalte Metal Machine Music som Reed sitt «svar på albumserien Environments» og sa at det «sikkert hadde heva medvitet i både journalist- og forretningsmiljøa» og ikkje var «heilt uhøyrleg», sjølv om han innrømte at om han ville lytte til kvit støy ville han heller høyre på «Sister Ray».[12] Greg Kot skreiv i MusicHound Rock (1999), og gav albumet ei «woof!»-vurdering (som viste til «hundemat»), og meinte: «Sentrifugeringsyklusen til ei vaskemaskin har meir melodisk variasjon enn den elektroniske dronen som var Metal Machine Music[14] I 2005 inkluderte magasinet Q albumet på ei liste over «ti fryktelege plater av store artistar», og rangerte ho på fjerdeplassen på lista deira over dei 50 verste albuma gjennom tidene. Ho vart igjen omtalt i Q i desember 2010, på lista deira over «topp 10 karrieredrap»-liste, der ho kom på åttandeplassen totalt. The Trouser Press Record Guide omtalte plata som «fire sider med uhøyrbar oscillatorstøy».[21] Mark Deming si melding for AllMusic noterte at sjølv om støyrockgrupper «har skapt ein slags kontekst for det», har Metal Machine Music «ikkje vorte meir brukarvennleg med tida», sidan ho «ikkje har rytmar, melodiar eller formelle strukturar som buffer for åtaka».[10]

Rockkritikaren Lester Bangs, som tilbyr ei meir sympatisk vurdering av Metal Machine Music enn dei fleste kritikarar, skreiv at «som klassisk musikk tilfører det ikkje noko til ein sjanger som godt kan vera utarma. Som rock 'n' roll er det interessant garasje-elektronisk rock 'n' roll. Som ei utsegn er det flott, som eit gigantisk FUCK YOU viser det integritet – ein sjuk, vridd, utsvevande, vondsinna, pervers, psykopatisk integritet, men integritet likevel.» Bangs skreiv seinare ein ironisk artikkel om Metal Machine Music med tittelen «The Greatest Album Ever Made», der han bedømte plata som «den største plata som nokon gong er laga i den menneskelege trommehinna si historie».[22] I 1998 inkluderte The Wire Metal Machine Music på lista si over «100 Records That Set the World on Fire (While No One Was Listening)» og Brian Duguid skreiv: Magasinet Q omtalte Metal Machine Music i sine 50 verste plater gjennom tidene ... Kva høgare oppmoding kan du trenga? ... [Metal Machine Music] er på ein gang den framtredande forvirra støyplata, eit umogleg kakofonisk skrik av elektrisk pine, og også ein klassikar innan minimalisme; nokre av dei mest gåtefulle, utsøkte harmoniane som nokon gong er dokumenterte. Det er synd at CD-utgjevinga ikkje kan gjenskap den låste rilla på den originale doble LP-plata, men sjølv om han ikkje varer evig, er musikken uendeleg kronglete. Han ventar framleis på ein skikkeleg kritisk revurdering – sjølv den glade entusiastiske Lester Bangs forstod ikkje heilt Metal Machine Music.[23]

I ei melding frå desember 2017 gav Mark Richardson frå Pitchfork Metal Machine Music ein poengsum på 8,7 av 10. Han skildra albumet som ei «spanande» lytting.[15]

Trass i den intense kritikken (eller kanskje på grunn av eksponeringa ho genererte), selde Metal Machine Music truleg 100 000 eksemplar i USA, ifølgje platenotata til Buddah Records si CD-utgåve. Den originale utgåva vart trekt attende innan tre veker etter utgivinga.[24]

Framføring endre

Lou Reed framførte ikkje Metal Machine Music på scenen før i mars 2002 då han samarbeidde med eit avantgarde klassisk ensemble under MaerzMusik-festivalen i Berlin. Det ti mann store orkesteret Zeitkratzer framførte det originale albumet i lag med Reed i eit nytt arrangement av Ulrich Krieger, med klassiske strykarar, blåsarar, piano og trekkspel.[25] Konsertopptak med (2007) og utan (2014; heilakustisk) Reed finst til sals.[26]

Eit par år seinare skipa Reed eit band kalla Metal Machine Trio som eit støyrock/eksperimentelt sideprosjekt.

I populærkulturen endre

Språket til romvesena i Star Trek kalla Breen var inspirert av Metal Machine Music, som postproduksjonsbesetninga med ansvaret for lyd vart instruert å lytte til når dei skulle skape den elektroniske kaklinga som fungerte som stemmene til Breen.[27]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Lou Reed.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Metal Machine Music, Part 1»16:10
Side to
Nr.TittelLengd
2.«Metal Machine Music, Part 2»15:53
Side tre
Nr.TittelLengd
3.«Metal Machine Music, Part 3»16:13
Side fire
Nr.TittelLengd
4.«Metal Machine Music, Part 4»15:55

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Metal Machine Music» frå Wikipedia på engelsk, den 4. april 2022.
  • Bangs, Lester (1987). «How to Succeed in Torture Without Really Trying». I Greil Marcus. Psychotic Reactions and Carburetor Dung. New York: Alfred A. Knopf. ISBN 0-394-53896-X. 
  • Fricke, David (2000). Liner notes. Metal Machine Music by Lou Reed, 1975. Buddah Records 74465 99752 2 (reissue).
  • Guterman, Jimmy and Owen O'Donnell (1991). The Worst Rock 'n' Roll Records of All Time. New York: Citadel Press. 
  • Eno, Brian (1996). A Year with Swollen Appendices. London: Faber and Faber. ISBN 0-571-17995-9. 
  1. Alan Licht, Common Tones: Selected Interviews with Artists and Musikars 1995-2020, Blank Forms Edition, Interview with Lou Reed, p. 163
  2. Alan Licht, Common Tones: Selected Interviews with Artists and Musikars 1995-2020, Blank Forms Edition, Interview with Lou Reed, p. 163
  3. «Lou Reed is back with experimental music of 1970s». Reuters. 3. april 2022. Henta 3. april 2022. 
  4. Rowe, Matt (8. juni 2011). «Lou Reed Reissues Newly Remastered Metal Machine Music». The Morton Report (på engelsk). Arkivert frå originalen 14. juli 2020. Henta 3. april 2022. 
  5. Alan Licht, Common Tones: Selected Interviews with Artists and Musikars 1995-2020, Blank Forms Edition, Interview with Lou Reed, pp.170
  6. Alan Licht, Common Tones: Selected Interviews with Artists and Musikars 1995-2020, Blank Forms Edition, Interview with Lou Reed, pp.170
  7. «Blue» Gene Tyranny on Lou Reed Metal Machine Music
  8. The album listed (misspelling included) «Drone cognizance and harmonic possibilities vis a vis Lamont Young's Dream Music» among its «Specifications»: text copy, image copy (reissue).
  9. «Pitchfork: Interviews: Lou Reed». Pitchforkmedia.com. Arkivert frå originalen 13. januar 2009. Henta 4. april 2022. 
  10. 10,0 10,1 Deming, Mark. AllMusic Review
  11. Kot, Greg (12. januar 1992). «Guide to Lou Reed's recordings». Chicago Tribune. Henta 4. april 2022. 
  12. 12,0 12,1 Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: R». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 28. mars 2022 – via robertchristgau.com. 
  13. Fortnam, Ian (June 2010). «Lou Reed Metal Machine Music». Classic Rock: 93. 
  14. 14,0 14,1 Gary Graff & Daniel Durchholz (eds), MusicHound Rock: The Essential Album Guide, Visible Ink Press (Farmington Hills, MI, 1999; ISBN 1-57859-061-2), p. 931.
  15. 15,0 15,1 Richardson, Mark (3. desember 2017). «Lou Reed: Metal Machine Music». Pitchfork. Henta 4. april 2022. 
  16. Draper, Jason (June 2010). «Lou Reed – Metal Machine Music». Record Collector. Henta 27. juli 2017. 
  17. DeCurtis, Anthony; Henke, James; George-Warren, Holly, red. (1992). The Rolling Stone Album Guide (3rd utg.). Random House. s. 582. ISBN 0679737294. 
  18. Segal, Dave (2015). «Two of the Most Divisive LPs of All Time—Miles Davis's Agharta and Lou Reed's Metal Machine Music—Are Now 40 Years Old». The Stranger (Seattle). Arkivert frå originalen 16. mai 2016. Henta 4. april 2022. 
  19. Wolcott, James. Rolling Stone Review[daud lenkje]. 14. august 1975.
  20. «Rocklist.net...Steve Parker...Slipped Discs». Rocklistmusic.co.uk. Henta 4. april 2022. 
  21. «Lou Reed». TrouserPress.com. Henta 4. april 2022. 
  22. Bangs, Lester. «The Greatest Album Ever Made». Creem, March 1976
  23. Duguid, Brian (September 1998). «100 Records That Set the World on Fire (While No One Was Listening) — Lou Reed Metal Machine Music (RCA 1975, Reissued Great Expectations 1991)». The Wire (London) (175): 36 – via Exact Editions. 
  24. «BBC - Music - Review of Lou Reed - Metal Machine Music: Re-mastered». 
  25. James, Colin (11. oktober 2005). «Lou Reed's 'Metal Machine Music' gets live treatment in Berlin». AP Worldstream. AP. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 4. november 2012. (krev abonnement)
  26. Richardson, Mark. «Zeitkratzer: Metal Machine Music». Pitchfork (på engelsk). Henta 4. april 2022. 
  27. Terry J. Erdmann; Paula M. Block (2000). Deep Space Nine Companion. Simon and Schuster. s. 702–703. ISBN 978-0-671-50106-8.