Ein metronom eller taktmålar er eit apparat som angir den tidsverdi ein bestemt noteverdi skal ha. Den lagar ein konstant, hørbar puls som ein kan nytte til å halde eit jamnt tempo. Ordet metronom kjem av gresk metron som tyder 'mål' og nom'os som tyder 'lov'.

Mekanisk metronom med svingande pendel.

Metronomen blei oppfunnen av Dietrich Nikolaus Winkel i Amsterdam i 1812, og blei forbetra av Johann Nepomuk Mälzel i 1816. Ein typisk metronom består av eit urverk med ein pendel med stillbar vekt og ein skala med siffer som gjev tal på slag per minutt av pendelen.

I tillegg til dei opphavlege mekaniske metronomane er det seinare utvikla elektroniske metronomar og metronomprogramvare.

Bakgrunnsstoff endre