Mette Elisabeth Finnestad

Mette Elisabeth Finnestad (fødd 23. mai 1970) er ein norsk skyttar frå Skjeberg, no busett i Søgne. Ho vart historisk da ho som første kvinne vann Landsskyttarstemnet i 2006 og vart skyttardronning.

Mette Elisabeth Finnestad


Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. mai 1970 (53 år)
Idrett skytesport

Lansskyttarstemnet i 2006 gjekk føre seg i Målselv. Da Finnestad vann, hadde skyttartinget akkurat bestemt at tittelen skulle vera skyttardronning dersom ei kvinne vann, og dette året var det til og med to kvinner på toppen av listene. Finnestad har òg vorte skyttarprinsesse to gonger, begge gongene representerte ho Torsnes skytterlag.

Ho er gift med skyttarkongen frå 1987, Tor Harald Lund frå Søgne.

Titlar endre

  • Skyttardronning, 2006
  • Skyttarprinsesse, 1991
  • Skyttarprinsesse, 1988

Kjelder endre

  • Skytterboka 2005-2006, utgjeve av Det frivillige skyttarvesenet

Bakgrunnsstoff endre