Michael Frater (fødd 6. oktober 1982) er ein jamaicansk sprintar og olympisk meister. Frater spesialiserer seg på 100 m og 4 x 100 m stafett.

Michael Frater


Statsborgarskap Jamaica
Fødd 6. oktober 1982 (41 år)
Manchester Parish
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Samveldeleikane 2002, Samveldeleikane 2006

Utmerkingar

offiser av Utmerkelsesordenen

Under VM i friidrett 2011 i Daegu var Frater med på å setja ny verdsrekord på 4 x 100 meter saman med Nesta Carter, Yohan Blake og Usain Bolt. Rekorden kom på 37,04 og er framleis gjeldande verdsrekord.

Karriere endre

Michael Frater har vunne medalje på mange internasjonale tevlingar, m.a. Carifta Games, dei panamerikanske leikane, Samveldeleikane, VM i friidrett 2005 i Helsingfors og VM i friidrett 2009 i Berlin.

 
Det jamaicanske stafettlaget under VM i friidrett 2009. Frå venstre Michael Frater, Asafa Powell, Usain Bolt og Steve Mullings.
Foto: Erik van Leeuwen

Han deltok under sommar-OL 2004 i Aten, men nådde ikkje opp til finalen, korkje på 100 meter eller stafett. Under sommar-OL 2008 i Beijing kom han til sprintfinalen på 100 meter, der han tok sjetteplassen med ein personleg rekord på 9,97. Det jamaicanske stafettlaget tok gull og sette olympisk rekord under desse leikane med Frater på andre distansen. Tida deira kom på 37,10.

Kjelder endre