Michel Jules Alfred Bréal (fødd 26. mars 1832 i Landau, død 25. november 1915 i Paris) var ein fransk filolog. Han er ofte identifisert som ein av grunnleggjarane av den moderne semantikken.

Michel Bréal

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 26. mars 1832
Landau in der Pfalz
Død

25. november 1915 (83 år)
Paris, boulevard Saint-Michel

Yrke lingvist, professor, filolog
Språk fransk
Medlem av Det greske filologiske selskap i Konstantinopel grunnlagt 1861, Académie des inscriptions et belles-lettres, Accademia delle Scienze di Torino
Michel Bréal på Commons

Liv og karriere endre

Etter å ha studert i Weissenburg, Metz og Paris, gjekk han inn i École Normale Supérieure i 1852. I 1857 reiste han til Berlin, der han studerte sanskrit under Franz Bopp og Weber. Då han returnerte til Frankrike fekk han ei avtale i avdelinga for orientalske manuskriptar på Bibliothèque Impériale. I 1864 vart han proffesor i samanliknande grammatikk ved Collège de France, i 1875 vart han medlem av Académie des Inscriptions et Belles-lettres og i 1879 vart han inspektørgeneral for høgare utdanning inntil avskaffinga av kontoret i 1888. I 1890 vart han kommandør av Legion of Honour. Han døydde i Paris.

Sommar-OL 1896 endre

Bréal fann opp maratonlaupet som vart arrangert for fyrste gong under Dei 1. olympiske sommarleikane i 1896. Han var inspirert av soga om sendebodet Fidippies, som hadde springe frå byen Marathónas til Aten for å fortelja om atenarane som hadde vunne i Slaget ved Marathónas.

Kjelder endre