Michelsons interferometer

Michelsons interferometer er eit interferometer der ein lysstråle blir delt i to innbyrdes, loddrette strålar ved at ljoset dels slepp igjennom, dels blir reflektert frå ei planparallell skive.

Eit Michelsons interferometer for bruk på eit optisk plate.

Det vert i dag nytta til måling av vinkeldiameteren for stjerner, og vinkelavstanden mellom komponentar av spektroskopiske dobbeltstjerner.

Det vart funnen opp av Albert Abraham Michelson. Michelson og Edward Morley brukte dette interferometeret i det kjende Michelson-Morley-eksperimentet (1887)[1] i eit mislukka forsøk på å demonstrere effekten av den hypotetiske «etervinden» til lysfarten. Eksperimentet deira gjorde at det ikkje fanst støtte i eksperimenta for eteren og vart etter kvart ein inspirasjon for spesiell relativitet.

Kjelder endre

  1. Albert Michelson, Edward Morley (1887). «On the Relative Motion of the Earth and the Luminiferous Ether». American Journal of Science 34 (203): 333–345. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Michelsons interferometer