Microsoft Works er ei kontorpakke utgjeven av Microsoft som er mindre, billigare og har færre funksjonar enn Office-pakka. Microsoft Works kjem med funksjonar som teksthandsaming, rekneark og database. Nyare versjonar av Works kjem dessutan med ein kalender. Works hadde fram til versjon 4.5a, ein monolittisk arkitektur der både rekneark, teksthandsaming og database gjekk føre seg i det same brukargrensesnittet. Dette gjorde at Works kravde lite bruk av minne og lagringsplass. Works 2000 (Versjon 5.0) og seinare utgåver kom med eit modulært grensesnitt. Versjonar merka "Works Suite" kom med ytterlegare programvare som Microsoft Money, Encarta, AutoRoute og Digital Image

Microsoft Works

UtviklarMicrosoft
Nyaste versjon9 (28. september 2007)[1]
OperativsystemMicrosoft Windows, Klassisk MacOS, MS-DOS
Lisensproprietær lisens
Nettstadhttp://www.microsoft.com/products/works/default.mspx

I oktober 2009, annonserte Microsoft at det ikkje vert laga fleire utgåver av Microsoft Works. Frå 2010 vert Microsoft Works erstatta med Office Starter 2010 som vert tilgjengeleg berre for OEM som nedlasting for nye pc'ar.

Versjonshistorikk endre

MS-DOS endre

  • Microsoft Works 1.05
  • Microsoft Works 1.12
  • Microsoft Works 2.0 og 2.00a
  • Microsoft Works 3.0, 3.0a and 3.0b

Mac OS endre

  • Microsoft Works 1.0
  • Microsoft Works 2.0
  • Microsoft Works 3.0
  • Microsoft Works 4.0

Microsoft Windows endre

  • Microsoft Works 2.0 og 2.0a (Windows 3.x)
  • Microsoft Works 3.0, 3.0a og 3.0b (Windows 3.x)
  • Microsoft Works 4.0, 4.0a, 4.5 og 4.5a (Windows 95)
  • Microsoft Works 2000 (v.5) (Microsoft Works Suite 2000)
  • Microsoft Works 6.0 (Microsoft Works Suite 2001 og 2002) - Siste utgåve forfor Windows 95
  • Microsoft Works 7.0 (Microsoft Works Suite 2003 og 2004) - Siste utgåve for Windows 98 (Original utgåve)
  • Microsoft Works 8.0 (Microsoft Works Suite 2005) - Siste utgåve for Windows 98 SE/Me/2000
  • Microsoft Works 8.5 (Gratis oppdatering for 8.0 og Microsoft Works Suite 2006)
  • Microsoft Works 9.0 (Microsoft Works Plus 2008) - Første utgåve fullstendig kompatibel med Windows Vista

Kjelder endre

  1. «Microsoft Works - Microsoft Lifecycle». Arkivert frå originalen 23. januar 2022. 

Sjå òg endre