Middlesbrough

By i England

Middlesbrough er ein by og ei sameint styresmakt i North Yorkshire i England. Sjølve byen har eit innbyggjartal på i underkant av 140 000 (2003), men med dei omkringliggande byane Normanby, Ormesby, Grangetown og South Bank kjem det opp i noko over 175 000. Han utgjer vidare ein del av Teesside, eit samanhengande urbant område med nesten 400 000 innbyggjarar.

Middlesbrough

Middlesbrough rådhus
Middlesbrough rådhus
Middlesbrough rådhus
Kallenamn
«Boro (i dag),
Ironopolis (tidlggare)
»
Plassering
Middlesbrough is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap North Yorkshire
Distrikt Sameint styresmakt
Grunnlagd 1830
Geografi
Flatevidd
 - By

53,88 km²
Innbyggjarar
 - By (2008)
   - folketettleik

139 000
  2 579,8 /km²
Koordinatar 54°34′26″N 1°14′0″W / 54.57389°N 1.23333°W / 54.57389; -1.23333
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.middlesbrough.gov.uk
Commons har multimedium som gjeld: Middlesbrough

I 1974 vart byen ein del av det nye grevskapet Cleveland. Dette vart oppløyst i 1996, og Middlesbrough vart ei sameint styresmakt innanfor det seremonielle grevskapet North Yorkshire. Distriktet er eit av dei få i England som blir leia av ein direktevalt borgarmeister.

Middlesbrough ligg på sørbreidda av Tees, rett utanfor North York Moors nasjonalpark. Yorkshire Dales er òg kort veg unna.

Historie endre

Middlesbrough er ein ung by. I 1801 bestod bygningsmassen der av fire gardsbygningar, men i løpet av 1800-talet hadde han ein vekst som er eineståande i britisk samanheng. Dette skuldast at det vart lagt store jernverk, kjemiske fabrikkar og skipsverft der. Verdsprisen for stål og jarn vart i mange år sett i Teesside. Sydney Harbour Bridge er designa og bygd av Durman Long frå Middlesbrough og har «Made in Middlesbrough» skrive på sidan.

Joseph Pease frå Darlington sette i gang veksten då han såg at byen eigna seg som hamn for utskiping av kol frå det nordaustlege England. Det store spranget kom då ein fann jernmalm i Cleveland Hills i 1850. Dette vart oppdaga av Henry Bolckow og John Vaughan, som i 1841 hadde opna eit jernverk i byen. Bolckow vart borgarmeister i 1853 og den første representanten til byen til parlamentet.

Bell Brothers starta eit stort jernverk på breidda av Tees 1853, og stålpoduksjon starta ved Port Clarence i 1889. Dei starta òg med saltproduksjon etter at saltførekomstar vart funnen i 1874. På det tidspunktet hadde selskapet heile 6000 tilsette. Isaac Lowthian Bell vart den første presidenten for Iron and Steel Institute, og var overborgarmeister for Newcastle upon Tyne 18541855 og igjen 18621863.

Attraksjonar og kultur endre

Middlesbrough har naturleg nok ingen spesielt gamle bygningar, og byen ber preg av å vere bygd opp omkring industri. Det nye rådhuset er ein imponerande bygning, og det gamle rådhuset frå 1864 er òg eit flott bygg.

Little Theatre var det første nye teatret som vart bygd i England etter andre verdskrigen.

Byen har den einaste offentleg utstilte skulpturen i Storbritannia av den amerikanske kunstnaren Claes Oldenburg. Han er ei flaskeforma skulptur reist til ære for kaptein James Cook. Cook har òg fått eit kjøpesenter i Middlesbrough kalla opp etter seg, Captain Cook Square. Ein modell av Cooks skip, «Endeavour», heng i taket i kjøpesentret Cleveland center.

Dorman Longs kontor i Zetland Street er den einaste kommersielle bygningen som er designa av Philip Webb.

Transporter Bridge frå 1911 går over Tees inne i byen. Han er den største brua av slaget sitt, med ei lengd på 259 m og ei høgd på 68,5 m.

Fotballklubben Middlesbrough FC spelar i Football League Championship og har heimebana si på Riverside Stadium.

Pop-artisten Chris Rea er fødd og oppvaksen i Middlesbrough.

Det katolske Middlesbrough bispedøme har setet sitt i byen, med katedralen St. Maria.

Bakgrunnsstoff endre

  Reiseguide for Middlesbrough frå Wikivoyage