Mike Garson

amerikansk komponist

Mike Garson (fødd 29. juli 1945) er ein amerikansk pianist som er best kjend for arbeidet sitt med David Bowie, Nine Inch Nails, Billy Corgan, Free Flight og The Smashing Pumpkins.

Mike Garson

Mike Garson
Foto: Alex Boyd
Fødd29. juli 1945
FødestadNew York by
OpphavNew York i USA
Aktiv1964 til i dag
SjangerRock, industriell, techno, jazz, funk, eksperimentell, folk, ambient
InstrumentPiano, klaverinstrument, synthesizer, trommer, perkusjon, orgel, vibrafon, stylophone
PlateselskapContemporary Records
Verka somkomponist, pianist

Tidleg karriere endre

Garson voks opp i Brooklyn i 1950-åra og fram til midten av tenåra hadde han planar om å bli ein rabbi. I staden for vart han turnemusikar, først i the Catskills i lag med folk som Jackie Mason, så i New York, der han spelte på jazzklubbar og akkompagnerte Martha and the Vandellas.

Tidleg i 1970-åra var Garson medlem av rock/country/jazz-bandet Brethren med Rick Marotta, Tom Cosgrove og Stu Woods. Dei spelte inn fleire album for selskapet Tiffany.

Garson spelte òg på albumet I'm the One av den eksperimentelle artisten Annette Peacock. Bowie bad Peacock med seg på ein turne, men ho avslo. Bowie kom til New York i september 1972 og annonserte etter ein turnepianist, og ein av venene til Garson rådde han til å prøvespele. Garson kom inn i eit rom som han kalla full av karar med regnbogehår og sirkusklede, og fekk jobben etter å ha spelt åtte taktar av «Changes».Garson starta eit varig samarbeid med Bowie.

Arbeid med David Bowie endre

Garson spelte piano på den seinare delen av Ziggy Stardust-turneen og det unike bidraget hans til Aladdin Sane gav albumet ei avantgarde jazzkjensle med mellom anna lange og stundom atonale pianosoloar.

« Eg hadde fortalt Bowie om denne avantgarde-greia. Då eg spelte inn «Aladdin Sane» for Bowie, var det berre to akkordar, ein A og ein G, og bandet spelte særs enkel engelsk rock and roll. Og Bowie sa: 'spel ein solo på dette'. Eg hadde nettopp møtt han, så eg spelte ein blues-solo, men då sa han: 'Nei, det er ikkje det eg vil ha.' Og så spelte eg ein latinsk solo. Igjen sa Bowie, 'Nei nei, det er ikkje det eg vil ha.' Han fortsette: 'Du fortalte meg at du speler avantgarde musikk. Spel det!' Og eg sa: 'Er du sikker? Det kan hende du vert arbeidslaus!' Så eg gjorde soloen alle kjenner i dag, på eit forsøk. Den dag i dag for eg framleis epost om soloen. Kvar dag. Eg fortel alltid til folk at Bowie er den beste produsenten eg nokon gong har møtt, fordi han let meg gjere mi greie.[1] »

Garson spelte òg for Bowie sin bandkollega bandmate Mick Ronson på den første og siste soloturneen hans, og det første albumet (Slaughter on Tenth Avenue). Garson erstatta stundom Ronson som Bowie sin musikalske leiar. Mellom anna på «We Are the Dead» frå Diamond Dogs-albumet, der det metronom-liknande pianoet til Garson gjev ein dramatisk setting for vokalen til Bowie og på tittelsporet til Young Americans der det spretne pianoet hans leiar bandet. Garson spelte med Bowie i seinare år, mellom anna på The Buddha of Suburbia og det ambisiøse Outside.

Solokarriere endre

Parallelt til at han arbeidde med Bowie, har Garson drive ein solokarriere som jazzpianist, og strekt grensene for kunsten sin. Med ein unik stil har han vorte mykje nytta som studiomusikar.

I 1993 starta Garson ein kortvarig serie av Screen Themes-album, jazzutgåver av kjende tema og suitar frå filmmusikk frå 1993 og 1994. Det siste albumet var første gong Jessica L. Tivens, då 13 år gammal, spelte inn musikk for plate. Begge albuma vart gjevne ut på Discovery Records.

Andre samarbeid endre

Garson arbeidde med det gjenforeinte Spiders from Mars i 1975, i lag med Mick Woodmansey, Trevor Bolder, Dave Black (gitar) og Pete McDonald (vokal). Dei spelte inn eit album med same namn i 1976 før dei gjekk kvar sine vegar.

Han vart med Smashing Pumpkins for Adore-turneen, der han spelte piano, klaverinstrument og synthesizer. Pianospelinga hans var ein viktig del av framføringane til Pumpkins. etter turneen vart han med i soloprosjektet til Corgan for filmmusikken til Stigmata. Garson spelte piano på Machina/The Machines of God. Han spelte òg på Nine Inch Nails-albumet The Fragile, samt med artistar som No Doubt og mange andre.

Diskografi endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre