Mikhail Ippolitov-Ivanov

Mikhail Mikhailovitsj Ippolitov-Ivanov (19. november 185928. januar 1935) var ein russisk komponist og dirigent.

Mikhail Ippolitov-Ivanov

Fødd7. november 1859
FødestadGattsjina
Død28. januar 1935 (75 år)
DødsstadMoskva
FødenamnМихаил Михайлович Ипполитов-Иванов
OpphavDet russiske imperiet, Sovjetunionen
Sjangeropera
Verka somkomponist, dirigent, musikkforskar, musikkpedagog
Gift medVarvara Mikhailovna Zarudnaya
PrisarArbeidets røde fanes orden, Folkekunstner av Den russiske sovjetrepublikk
Mikhail Ippolitov-Ivanov

Det mest kjende verket hans er Kaukasiske skisser, suite Nr. 1 op. 10 (1894).

Liv endre

Ippolitov-Ivanov var handverkarson. Han blei fødd som Mikhail Mikhailowitsj Ivanov, men for ikkje å bli forveksla med ein eldre komponist, tok han i 1881 namnet til mora som mellomnamn. I tida 1872 til 1875 var han korsongar ved Isakskatedralen i St. Peterburg. Frå 1875 følgde han eit studium i komposisjon hos Nikolaj Rimskij-Korsakov ved konservatoriet i byen, og avslutta dette med gode resultat i 1882. Same år reiste han til Tbilisi for å arbeide som rektor på musikkskolen - som snart blei gjort om til konservatorium. I 1893 fekk han eit professorat i komposisjon ved konservatoriet i Moskva og forlet Tiblisi. Frå 1905 til 1922 var han rektor ved Moskva-konservatoriet. I 1924 var han for eit år rektor ved konservatoriet i Tbilisi og frå året etter ved Bolsjojteateret i Moskva. Han gav òg ut musikkvitskapelege skrift, til dømes over georgiske folketonar. Av dei mange elevane hans kan Reinhold Glière, Sergej Vasilenko, Edouard Grikurov og Zakaria Paliasjvili nemnast.

Stil endre

Læraren Rimskij-Korsakov sin stil var ei tydeleg rettesnor for Ippolitov-Ivanov. Eit utslag av dette er ei briljant orkestrering og ei symfonisk behandling av folkemusikktema. Stilen står òg den om lag jamaldrande Aleksandr Glazunov nær, men Ippolitov-Ivanov baserte i enda sterkare grad musikken sin på folklore. I tillegg fekk han nær kontakt med kaukasisk folkemusikk gjennom sine elleve år i Tblilisi, så til forskjell fra Glazunov konsentrerte han seg ikkje berre om russisk folklore. Seinare arbeidde Ippolitov-Ivanov intensivt med musikken til tyrkiske folkeslag. Han hadde sansen for dramatikk og effektfulle vendingar, og var ein utprega orkesterkomponist. Harmonikken var rotfest i russisk nasjonalromantikk; musikalske nyvinningar viste han ingen interesse for. I sovjettida medverka han aktivt til nyorganiseringa av musikklivet og da «Sosialistisk realisme» blei lansert som musikkdoktrine i 1932, var han ein av dei ivrigaste tilhengarane av denne ideologien som stod tett opp til hans eiga kunstoppfatning. Ippolitov-Ivanov var på ingen måte ein nyskapar, men verka hans viser at han hadde eit godt grep om musikkhandverket.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre