Mikhail Sjolokhov

russisk skribent

Mikhail Aleksandrovitsj Sjolokhov (russisk Михаил Александрович Шолохов; fødd 11. maijul./ 24. mai 1905greg. ved landsbyen Vjosjenskaja nær Rostov-na-Donu i Det russiske imperiet; død 21. februar 1984 i Vjosjenskaja i Rostov oblast) var ein sovjetrussisk romanforfattar. Han blei tildelt Nobelprisen i litteratur i 1965 for hovudverket Stille flyter Don: «for den kunstarlege krafta og integriteten som han, i si episke forteljing frå Don, framstilte ei historisk fase i livet til det russiske folket på.»[1][2]

Mikhail Sjolokhov

Statsborgarskap Det russiske imperiet, Sovjetunionen
Fødd 11. mai 1905
Kruzjilincki
Død

21. februar 1984 (78 år)
Vjosjenskaja

Yrke skribent, romanforfattar, manusforfattar, lyrikar, prosaforfatter, journalist, politikar
Språk russisk
Politisk parti Sovjetunionens kommunistiske parti
Medlem av Den sovjetiske forfatterforeningen, Serbias vitenskaps- og kunstakademi, Det russiske vitskapsakademiet, Det sovjetiske vitskapsakademiet, Sentralkomiteen i det sovjetiske kommunistpartiet
Ektefelle Maria Petrovna Gromoslavskaia
Mikhail Sjolokhov på Commons


Kritikk endre

Sjolokhov blei utsett for skuldingar om at Fortellinger fra Don og Stille flyter Don er eit plagiat av upubliserte manuskript skrivne av den militære kosakkforfattaren Fjodor Krjukov. I 1974 kom Aleksandr Solzjenitsyn med dei same skuldingane.[3] Kort tid etter sa Konstantin Simonov i eit intervju at Solzjenitsyn hata alt sovjetisk i ein slik grad at han såg det som umogleg at «ei så ærleg bok om borgerkrigen som Stille flyter Don kunne bli skriven av ein sovjetforfattar og aller minst av ein "nykommar" som Sjolokhov, men berre av ein kvitegardist og innfødd kosakk som Krjukov eller andre.»[4] Manuskripta til Krjukov er forsvunne og med det sjansane til ei full gransking.

I 1980-åra synte forskarar som tyskaren Herman Erolajev[5] og nordmannen Geir Kjetsaa[6] med vitskapelege metodar at det mest truleg ikkje er snakk om plagiat. Willi Beitz hevda at «legenda om det moglege plagiatet blei starta av Solzjenitsyn.»[7] I så fall kan ein sjå det som eit «takk for sist» frå Solzjenitsyn, for på slutten av 1960-talet var Sjolokhov ein av dei førande i å skulde Solzjenitsyn for ikkje å vere ein systemtru forfattar, og dermed ansvarleg for å avgrense aktivitetane hans.[8]

På den andre sida hevda omsettaren og forfattaren Felix Philipp Ingold i ein artikkel i Neue Zürcher Zeitung 23. august 2006 at Sjolokhov ikkje forfatta hovudverka sine sjølv, men at ei rekke «ghostwriters» skreiv dei på oppdrag av sovjetmakthavarane.[9]

Verk omsett til norsk endre

  • Donskije rasskazy: Fortellinger fra Don, 1964, 239 sider. Omsett til bokmål av Olav Rytter
  • Sudba tsjelovjeka: En manns skjebne, 1960, 94 sider. Omsett til bokmål av Arne Gallis; illustrasjonar ved Reidar Aulie
  • Podnjataja tselina: Ny jord, 3 bind, 1960. Omsett til bokmål av Ivar Digernes og Natalia Fredriksen
  • Tichij Don: Stille flyter Don, 4 bind, 1956. Omsett til bokmål av Ivar Digernes

Referansar og fotnotar endre

  1. "for the artistic power and integrity with which, in his epic of the Don, he has given expression to a historic phase in the life of the Russian people".
  2. Nobelprize.org, Nobelprisen i litteratur 1965
  3. Sylvia List: Am roten Don. Ein Nobelpreisträger als Plagiator? Ein von Solschenizyn herausgegebenes Buch behauptet, „Der Stille Don" sei gar nicht von Michail Scholochow. I: Die Zeit, nr. 40/1974.
  4. Ein solches Buch wird nicht geklaut, Der Spiegel 59/1974
  5. Herman Ermolaev: Mikhail Sholokhov and His Art. Princeton: Princeton University Press, 1982.
  6. Geir Kjetsaa et al.: The authorship of „The Quiet Don“. Oslo: Solum, 1984 (Slavica Norvegica 1).
  7. Willi Beitz: Michail Scholochow – eine terra incognita? I Utopie kreativ, H. 188, Juni 2006, s. 542–552. PDF Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine.
  8. Alexander Solschenizyn – Der Kampf eines Mannes; Dokumentation, Frankreich 2005, Synchronfassung, Erstausstrahlung am 6. august 2008, 60 Min., Regie: Pierre-André Boutang, Annie Chevallay
  9. Felix Philipp Ingold: Geklonter Nobelpreisträger. Ein epochaler Betrug – neue Debatten um Michail Scholochow., i Neue Zürcher Zeitung, 23. august 2006.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre