Mikhail Nekhemievitsj Tal (9. november 193628. juni 1992) var ein latvisk sjakkspelar, og den åttande verdsmeisteren i sjakk.

Mikhail Tal


Verkeleg namn latvisk Mihails Tāls, russisk Михаил Нехемьевич Таль
Statsborgarskap Sovjetunionen, Latvia
Fødd 9. november 1936
Riga
Død

27. juni 1992 (55 år)
Moskva

Idrett sjakk
Tok del i

Sjakk-OL 1958, Sjakk-OL 1960, Sjakk-OL 1962, Sjakk-OL 1966, Sjakk-OL 1972, Sjakk-OL 1974, Sjakk-OL 1980, Sjakk-OL 1982

Utmerkingar

world chess champion, Ordenen folkenes vennskap, Ærestegnets orden, Idrettens mester i Sovjetunionen

Tal var fødd i Riga. Han vart kalla «trollmannen frå Riga», på grunn av den aggressive spelestilen han hadde, der han gjerne ofra materiell for initiativ og angrep.

Mikhail Tal vann i 1950 den latviske juniormeisterskapen. I 1951 kvalifiserte han seg for den latviske meisterskapen, og to år seinare i 1953 vann han denne. I 1955 vann han semifinalen for sovjetmeisterskapen, og deltok i 1956 i Leningrad for første gong i den 23. sovjetmeisterskapen i sjakk, der han kom på 5. plass saman med Rathmir Kholmov, bak Spasskij, Tajmanov, Averbakh og Kortsjnoj.

Deretter var han ustoppeleg: I 1956 vann han den 24. sovjetmeisterskapen i Moskva, noko som førte til at verdssjakkforbundet FIDE gav han stormeister-tittelen. Sigeren i sovjetmeisterskapen kvalifiserte han til intersoneturneringa i Portoroz i Jugoslavia i 1957. Denne vann han med 13,5 av 20. I 1957 vann han også den 24- sovjetmeisterskapen, på heimebane i Riga, framom sterke spelarar som Paul Keres og David Bronstein. Deretter vann han ei sterk turnering i Zürich.

Kandidatturneringa i 1959 gjekk i Bled, Zagreb og Beograd i Jugoslavia, og også denne turneringa vann han overtydande med 20 poeng av 28 i eit sterkt felt, framom Paul Keres med 18,5 og Tigran Petrosjan med 15. Lenger bak kom Vasily Smyslov, Bobby Fischer, Svetozar Gligorić, Friðrik Ólafsson og Pal Benko. Tal sin siger kom vesentleg fordi han var overlegen mot dei 4 nedste på resultatlista. Mot nr 2 Keres hadde han ein vinst og tre tap, medan han mot Fischer vann alle fire partia, og tok 3½ poeng av 4 mot både Gligorić, Olafsson, and Benko. Som den yngste spelaren i sjakkhistoria hadde Tal kvalifisert seg til å spele om verdsmeistertittelen.

Regjerende verdsmeister var Mikhail Botvinnik. VM-kampen vart spela i Moskva i 1960, og Tal vann med 12,5 mot 8,5 poeng. 24 år gamle Tal vart dermed den til då yngste verdsmeisteren i sjakk. Rekorden stod til den blei slått av den då 22 år gamle Garri Kasparov i 1985.

Botvinnik hadde rett til omkamp, og kom sterkt førebudd tilbake året etterpå, i 1961. Mikhail Tal var nok også plaga av helseproblem, og hadde lite å stille opp med. Botvinnik tok tilbake VM-tittelen med 13 poeng mot 8.

Siden nådde Tal aldri heilt opp i kampen om verdsmeistertittelen. Ei vesentleg årsak var dei stadig tilbakevendande helseproblema, som til slutt mellom anna førte til at han måtte få operert bort ei nyre. Han var likevel ein av dei beste spelarane i verda og vann fleire sterke turneringar.

Han kjempa seg såleis fram til kandidatfinalen i 1965, men tapte denne mot Spasskij. Han vann intersoneturneringa i Riga i 1979 med 14 av 17, og så seint som i 1985 gjorde han ein sterk innsats i kandidatturneringa i Montpellier.

Mikhail Tal deltok i til saman 21 sovjetmeisterskap, og vann dette 6 gongar: I tillegg til 1956 og 1957 vann han også i 1967, 1972, 1974 og 1978. Dette er rekord, ein rekord han har saman med Botvinnik.

Mikhail Tal deltok på Sovjetunionen sitt vinnarlag i sjakk-OL (lag-VM i sjakk) 8 gongar, i 1958, 1960, 1962, 1966, 1972, 1974, 1980 og 1982. Han klarte 65 vinstar, 34 remis og berre 2 tap på desse 101 partia, ein skåre på 81,2 %, den beste skåren blant dei som har deltatt i minst 4 sjakk-OL. Han tok medalje for beste skåre på sitt bord 7 av desse gongane, 5 gull og 2 sølv.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre