Mikheil Saakasjvili

Mikheil Saakasjvili (fødd 21. desember 1967 i Tbilisi) er ein georgisk politikar som var president i Georgia frå 25. januar 2004 til 17. november 2013. Saakasjvili kom til makta etter den såkalla roserevolusjonen i Georgia i november 2003. Store demonstrasjonar mot valfusk ved parlamentsvalet 2. november 2003 førte til at presidenten Eduard Sjevardnadse gjekk av. Saakasjvili leia desse demonstrasjonane. Ved presidentvalet 4. januar 2004 vann han med over 96 % av røystene, og vart den yngste presidenten i Europa, 36 år gamal.

Mikheil Saakasjvili

Verkeleg namn მიხეილ სააკაშვილი
Statsborgarskap ingen verdi
Fødd 21. desember 1967 (56 år)
Tbilisi
Yrke jurist, politikar, advokat, programleiar
Språk georgisk, russisk, engelsk, ukrainsk, fransk
Verv President i Georgia
Periode 2004-2013
Føregangar Nino Burdzjanadze
Etterfylgjar Giorgi Margvelasjvili
Politisk parti United National Movement, Movement of New Forces, Georgias borgerunion
Religion Den georgiske ortodokse og apostoliske kirke
Mor Giuli Alasania
Ektefelle Sandra Roelofs
Nettstad http://saakashvilimikheil.com
Mikheil Saakasjvili på Commons

Fornamnet hans vert ofte òg skrive Mikhail, som er ei russisk form. Etternamnet vert òg ofte skrive Saakashvili, som er ei engelsk form.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.