Mikrobiologi er det fagfeltet innanfor biologien som tek for seg studiet av mikroorganismar. Dette omfattar mellom anna bakteriar, arkar, mikroalgar, sopp og eincella dyr, for det meste organismar som er for små til å kunne observerast utan spesialutstyr som mikroskop. Ein reknar òg virologi, studiet av virus, som ein grein innanfor mikrobiologien, sjølv om virus vanlegvis ikkje vert definert som levande. Studium av mikroskopiske fleircella dyr som hjuldyr, rundmakk og bjørnedyr vert vanlegvis ikkje rekna som mikrobiologi.

Ein petriskål med bakteriekoloniar.

Mikrobiologi og mikrobiologiske arbeidsmetodar er viktig innanfor ei rekkje samfunnsområde, mellom dei medisin, landbruk, industri og genteknologi.

Historie endre

Historia til mikrobiologien er om lag like gamal som den til mikroskopet. Den første viktige mikrobiologen var nederlendaren Antoni van Leeuwenhoek, som tok til å snikra mikroskop allereie i 1673. Han grunnla mange av dei basale arbeidsmetodane i faget og gjorde observasjonar av ei rekkje ulike substrat. Det går framleis an å kjenna att sopp, protozoar og bakteriar på dei grundige teikningane han lagde av observasjonane sine.

Dei tidlegaste kontroversane i mikrobiologien dreidde seg om kvar mikroorganismane kom frå. Den rådande haldninga var lenge at dei oppstod spontant under dei rette miljøtilhøva, eit standpunkt som ikkje gjekk av moten før Louis Pasteur demonstrerte at sjølv ikkje ideelle veksttilhøve gav resultat når substratet var sterilt i 1861. Pasteur sitt arbeid førte òg til utviklinga av ein teori om at mikroorganismar kunne forårsaka sjukdom i høgare organismar.

Det første provet på at bakteriar kunne føra til sjukdom kom i 1876, då Robert Koch viste samanhengen mellom miltbrann og bakterien me i dag kjenner som Bacillus anthracis. I åra som følgde kom det til stadig nye avsløringar av mikrobielle årsaker til ei rekkje ulike sjukdommar, mellom anna gonore, malaria, tuberkolose og kolera. Med kjennskap til dei sjukdomsframkallande organismane vart det òg lettare å finna måtar å handsama sjukdom på - først og fremst med generell forbetring av hygiene, seinare òg med antibiotika. Denne tida vert ofte rekna som mikrobiologien sin gullalder.

I etterkrigsåra voks molekylærbiologien fram på grunnlag av forsøk med bakteriar og virus. Desse vitskapsgreinene har òg seinare vorte forbundne med kvarandre i stor grad.

Arbeidsmetodar og teknikkar endre

Kjelder endre