Mikrobryggeri er eit bryggeri der myke av produksjonen gjeng føre seg som eit handverk. Mikrobryggeria er lite automatiserte og industrialiserte og øl produseres i små mengder. Kvart bryggeri har sine eigne spesialiteter til sals.

Frå eit mikrobryggeri i Brüssel

Dei første mikrobryggeria starta i USA i 1970-åra. Det første mikrobryggeriet i Noreg vart skipa på Jæren i 1989, og fleire mikrobryggeri kom raskt til.[1] Talet på mikrobryggeri i Noreg ligg no på meir enn hundre og talet på øltypar er stort. Det finst mikrobrygeri frå Lindesnes i sør til Longyearbyen i nord. Øl frå mikrobryggeri er til sals i daglegvarebutikker eller på Vinmonopolet. Fleire mikrobryggeri har sin eigen pub eller let turister få smake på ølet.

Kjelder endre

  1. «Jæren Bryggeri», BREWOLUTION ROGALAND (på norsk bokmål), 12. oktober 2017, henta 21. februar 2022 
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.