Milada Blekastad (1. juli 191725. oktober 2003) var ein norsk litteraturhistorikar, omsetjar, kulturarbeidar og statsstipendiat.

Milada Blekastad
Statsborgarskap Noreg, Tsjekkia
Fødd 1. juli 1917
Praha
Død

25. oktober 2003 (86 år)
Oslo

Yrke lingvist, litteraturhistorikar, omsetjar, skribent, universitetslærar, filolog, bohemist
Språk nynorsk, norsk
Ektefelle Hallvard Blekastad

Blekastad vart fødd i Praha og kom til Noreg som 16-åring som gjest hos forfattaren Inge Krokann, og vart buande i landet. Eitt år seinare gifta ho seg med målaren Hallvard Blekastad. Ho har hatt eit breitt virke på fleire felt, mest knytt til studium i Comenius og formidling av litteratur og kultur mellom Noreg og Tsjekkoslovakia/Tsjekkia.

Frå 1957 til 1987 underviste ho i tsjekkisk litteratur ved Universitetet i Oslo og tok sjølv ein doktorgrad der i 1969: Comenius : Versuch eines Umrisses von Leben, Werk und Schicksal des Jan Amos Komenský. Ho har òg skrive ein kortare, norskspråkleg biografi om Comenius. Ho har omsett nokre norske bøker til tsjekkisk, og endå fleire frå tsjekkisk til norsk, av m.a. Vaclav Havel, Ivan Klima, Milan Kundera, Ludvik Vaculik og Karel Capek. Ved sida av undervising og omsetjing var ho aktiv som kåsør, skribent og føredragshaldar.

Ho vart statsstipendiat i 1970, mottok Bastianprisen i 1969 for omsetjinga av Ludvik Vaculiks Øksa, og mottok Tsjekkisk fortenestemedalje i 1997. Ho mottok òg ein særleg pris frå skribentgruppen Charta 77 for innsatsen sin for tsjekkisk litteratur.

Litteratur endre

  • Millom aust og vest. Universitetsforlaget, 1958 (tsjekkisk kultur- og litteraturhistorie)
  • Comenius : Versuch eines Umrisses von Leben, Werk und Schicksal des Jan Amos Komensky. Universitetsforlaget, 1969
  • Tsjekkiske eventyr. Samlaget, 1972
  • Slovakiske eventyr. Samlaget, 1972
  • Saka til menneska : den tsjekkiske tenkjaren Comenius i kamp om ein universal reform av samfunnslivet. Gyldendal, 1977
  • Millom bork og ved : frå tsjekkisk åndsliv i nyare tid. Samlaget, 1978 (tsjekkisk kultur- og litteraturhistorie, del 2)
  • Hallvard Blekastad : glimtar frå eit kunstnarliv. Universitetsforlaget, 1983
  • Jaroslav Seifert : ein tsjekkisk diktar. Oslo, 1985
  • Kåre Langvik-Johannessen. «Milada Blekastad». I: Norsk biografisk leksikon, 2. utg., bd 1
  • Karen Gammelgaard. «Milada Blekastad in memorium» I: ’’ Scando-Slavica Tomus 50, 2004’’ pdf[daud lenkje]

Kjelde endre