Militærkuppet i Thailand 2006

Militærkuppet i Thailand i 2006 fann stad 19. september då medlemmer av den thailandske hæren gjennomførte eit statskupp mot regjeringa som var leia av statsminister Thaksin Shinawatra. Statskuppet var det fyrste i Thailand på 15 år, men føyde seg inn i ei lang rekkje kupp i thailandsk historie.[1] Det etterfylgde ei langvarig politisk krise der Thaksin og dei politiske motstandarane hans var sentrale,[2] og fann stad mindre enn éin månad før parlamentsval skulle finne stad 15. oktober 2006.[3]

Militære og sivile i Bangkok 24. september 2006.

Referansar endre

  1. Laura Smith-Spark, «Coup leaders' addiction to power», BBC News, 22 September 2006. Henta 21. november 2012.
  2. «Q&A: Thailand's coup impact», BBC News, 20 September 2006. Henta 21. november 2012.
  3. «October 15 will be new election day», The Nation. Henta 21. november 2012.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Militærkuppet i Thailand 2006