Militærpoliti, ofte forkorta til MP, er vanlegvis militære avdelingar som fungerer som politi i ein militær organisasjon. Dei har ansvaret for å oppretthalda lov og orden internt i forsvaret. I slike tilfelle har MP vanlegvis ikkje politimynde i det sivile samfunnet.

Dansk Militærpoliti i Mercedes.
Singapore Armed Forces Military Police Command held vakt i Padang i Singapore på nasjonaldagen i 2000.

Militærpoliti kan også vere ei militær avdeling som har politioppgåver både i det militære og i det sivile samfunnet, så som Gendarmeriet i Frankrike.

Det finst også eksempel på at militærpoliti kan vere ei militær avdeling som har politioppgåver berre i det sivile samfunnet, så som Gendarmeriet i Romania.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Militærpoliti
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.