Milorg er namnet på den militære motstandsorganisasjonen som vart bygd opp i Noreg i løpet av den andre verdskrigen. Hovudoppgåva var å førebu styrkar og ha dei klare til frigjeringa, samt støtte ein eventuell alliert invasjon. Milorg dreiv òg eit omfattande etterretningsapparat og støtta allierte operasjonar i Noreg. Utover i krigen var dei også aktive med eigne sabotasjeoperasjonar. Ved krigsslutten hadde Milorg ein styrke på 40 000 soldatar som deltok i frigjeringsprosessen.

Distrikt 12 (D12) i Milorg paraderer framfor Slottet i Oslo 1945.
Foto: Anders Beer Wilse (1865–1949

Organisasjonen endre

Etter det militære nederlaget i 1940 hadde mange soldatar og offiserar gøymt unna våpen og heldt kontakten seg i mellom i mindre einingar. Andre grupper blei danna med utgangspunkt i m.a. idrettslaga. Etter kvart tok desse gruppene til å samarbeide lokalt, og alt hausten 1940 begynte arbeidet med å byggje opp ein landsomfattande organisasjon.

Den fyrste gruppa som prøvde å samle motstandsarbeidet, blei riven opp av arrestasjonar. Etter at denne gruppa var blitt fjerna, tok ei gruppe opp att arbeidet med å danne ei fast sentralleiing i Oslo - Den sentrale ledelse (SL). Dei som stod bak dette arbeidet var major Olaf Helset saman med m.a. professor Johan Holst, kaptein Jakob Schive og oberstløytnant Ole Berg. Olaf Helset blei arrestert i februar 1941.

Milorgs øvste organ vart kalla Rådet og hadde fire medlemmar. Det var fleire utskiftingar ettersom medlemmane kunne bli arresterte eller måtte rømme landet. Sommaren 1942 vart juristen Jens Chr. Hauge medlem. Han vart sentral i å leie organisasjonen og heldt det gåande fram til frigjeringa. I november 1944 vart *Hjemmefronten samla under ei felles leiing.

Rådet meldte seg til teneste i eit brev stila til Kong Haakon den 10. juni 1941, og det var tydeleg at dei ikkje var særleg imponerte over innsatsen til London-regjeringa:

«Hensikten med vår organisasjon er å stille et maktapparat til rådighet for et innenlandsk styre, hemmelig eller offisielt som er godkjent av Kongen og som handler under direkte ansvar overfor Kongen. Dette innenlandske styre skal avgjøre om og når maktapparatet skal tre i funksjon. Det er av vesentlig betydning for oss å få godkjent dette grunnsyn.»

Det er uklart om kongen faktisk fekk dette brevet, men svaret kom frå britane i form av eit direktiv der det går klårt fram at det ikkje er aktuelt å anerkjenne andre enn den «grunnlovsmessige norske regjering». Tilhøvet mellom London og Oslo løyste seg etter kvart, regjeringa godkjente Rådet som leiar for militærorganisasjonen 20. november 1941 og Milorg vart lagt under Forsvarets Overkommando som ei eiga avdeling - FO 4. Denne avdelinga vart seinare delt i to. Ei avdeling skulle ta seg av Milorg, den andre skulle ta seg av sabotasjeaksjonar (Kompani Linge), og trene instruktørar.

Britane hadde den hemmelege organisasjonen SOE, som dreiv operasjonar i okkuperte land, og dei hadde starta sitt arbeid i Noreg i 1940. Dei var lenge skeptiske når det gjaldt Milorg. Dette var delvis fordi britane ynskte små, sjølvstendige grupper som kunne direktestyrast frå Storbritannia, men også fordi ein sentralstyrt organisasjon leidd frå eit okkupert land var sårbar for infiltrasjon og opprulling. Militærorganisasjonen i Noreg var eit faktum og kunne ikkje avviklast eller splittast opp utan vidare. I den såkalla «Stockholmsprotokollen» frå mai 1943 vart det avklara at Den sentrale leiinga skulle stå for det organisasjonsmessige og administrative arbeidet med organisasjonen, men Forsvarets Overkommando skulle ha kommandomynde. Det vart og skipa eit eige milorgkontor i Stockholm, som låg under militærinspektøren der.

Heimestyrkane hadde lenge eit spent tilhøve til SOE, ettersom britane ynskte å halde på store tyske styrkar i Noreg for å lette presset på kontinentet. For å oppnå dette organiserte SOE kommandoraid som førte til ganske store sivile skader og represaliar i Noreg utan å samordne seg med Hjemmefronten. Tilhøvet mellom Milorg og SOE vart avklara ved forhandlingar i Köpmannebro [1] ved Vänern i Sverige 7.-9. mai 1943.

Oppgåver endre

Styrkane til Milorg var irregulære styrkar som skulle operere bak fienden sine linjer. Dette var i utgangspunktet ikkje tillate ifylgje Folkeretten, mellom anna av di det førte til stor fare for represaliar mot dei sivile i områda der Milorg opererte. Mot slutten av krigen tok den tyske overkommandoen i Noreg opp spørsmålet med «Oberkommando der Wehrmacht» (OKW). OKW svara fyrst at medlemmar av den norske motstandsrørsla skulle handsamast som stridande dersom dei viste seg i einingar og bar armbind eller andre tydelege kjenneteikn. Den tyske politistyresmakta i Noreg protesterte mot denne tolkinga og OKW avgjorde at medlemmar av motstandsrørsla berre skulle godkjennast som stridande når dei opptredde i einingar på ein tropp eller meir og hadde kamp som mål. «Sabotasje- og terrorgrupper som opptrer som bandittar ukontrollert og frå bakhald, kjem ikkje inn under denne avgjerda.»

I utgangspunktet var Rådet svært varsame med kva oppgåver Hjemmestyrkane skulle ha; dei skulle halde ro og orden dersom den tyske okkupasjonen braut saman og støtte ein eventuell invasjon. Styrkane skulle ikkje vere væpna før invasjonen hadde byrja. Rådet endra etterkvart syn på dette, og hausten 1942 kom dei fram til at det ikkje var mogeleg å bøye unna for fiendtlege represaliar. Denne avgjerda forverra tilhøvet til den sivile motstandsrørsla, og leiinga i Kretsen skreiv i februar 1943 det såkalla «Partisanbrevet» [2] til regjeringa der dei åtvara sterkt mot å auke den militære aktiviteten. For å løyse opp i spenninga mellom dei to delane av Hjemmefronten, møtte partane kvarandre i Stockholm i mars/april 1943. Dette møtet var vellukka og var med på føre til ei delvis oppklaring i forviklingane mellom Milorg og Kretsen, og etterkvart det samarbeidet som utvikla seg til Hjemmefrontens Ledelse.

Etter den allierte invasjonen i Normandie sommaren 1944, hadde dei allierte tilgang på fly og utstyr for sendingar til Noreg, og væpninga av heimestyrkane kunne ta til. Shetlandsgjengen frakta våpen på fiskeskøyter over Nordsjøen, seinare vart òg ubåtjagarar tekne i bruk, og allierte fly gjorde over 700 vellykka slepp over norsk jord.

På denne tida var norske heimestyrkar klare til å verte sett inn mot dei tyske okkupasjonsstyrkane, om ikkje anna så i form av avgrensa aksjonar mot jernbana for å hindre frakt av tyske troppar og utstyr til kontinentet for å stogge invasjonen. Også heimefrontleiinga, FO og SOE støtta aksjonane, men denne gongen var det den allierte overkommandoen (SHAEF) som heldt igjen. Dei forventa ein siger innan utgangen av 1944, og ynskte å ta seg av dei tyske styrkane på kontinentet heller enn å måtte angripe 400 000 tyske soldatar i «Festung Norwegen». Dei allierte hadde heller ikkje ressursar til å støtte ein aktiv motstand i Noreg som utvikla seg til full krig. Dette var eit stort vonbrot for mange, og nærmast for å halde moralen oppe fekk SOE lov til å sette inn nokre grupper.

Situasjonen snudde heilt då Hitler starta Ardenneroffensiven i byrjinga av desember 1944. Dette pressa dei allierte til å innsjå at dei nok ikkje kunne få sine soldatar heim til jol likevel. Milorgleiaren Jens Chr. Hauge fortalde i boka si - Rapport om mitt arbeide under okkupasjonstiden - at han var i London på dette tidspunktet og hadde møtt lita forståing for norske aksjonar der. Men like før han skulle returnere til heimlandet hadde han fått nye direktiv. Desse gav ordre om å setje i verk «...den maksimale sabotasje mot jernbaner og veier som lar seg forene med deres primære oppgåve. Hensikten er å hindre og forsinke fienden i å nå kontinentet ved å drive dem på sjøen hvor våre sjøstridskrefter kan senke dem, eller tvinge dem til å marsjere på veien. Særlig oppmerksomhet skal vies til sabotasje omkring Trondheim.»


Gutta på skauen endre

Sjølve biletet på den norske motstandskampen er barske karar som ligg inne på "skauen", klar med sine Stenguns til å slåst mot nazistane. Uttrykket kjem frå sommaren 1944 då okkupasjonsmakta skreiv ut tre årsklassar med ungdom for å vere med i arbeidsteneste. Heimefrontsleiinga frykta at norsk ungdom skulle verte tvinga inn i tysk krigsteneste, og oppmoda via løpesedlar, oppslag og radio ungdommen til å boikotte registreringa:

Parolen er gitt. Ingen møter til registrering, selv ikke de som blir lokket med at de foreløpig skal slippe å bli innkalt til tjeneste. Snart kommer vår dag! […] Hvis du alt befinner deg i en tysk leir, har du ingen sjanser til å bli med på befrielsen. Vær tro mot ditt land, din konge og ditt folk. Nekt registreringen – koste hva det koste vil.

For dei som ikke registrerte seg, hadde Milorg organisert leirar inne i skogen. Herifrå drog ein del ungdommar til Sverige, nokre drog heim, medan andre vart att i leirane og fekk militær opplæring der. Desse «cellene» skulle vere del av Milorg sine styrkar som skulle setjast inn under frigjeringa. No let frigjeringa vente på seg, og det kunne verte lange dagar inne på skogen til maidagane 1945.

I 1944 starta oppbygginga av regulære partisanbasar inne i aude fjell og skogsområde. Slike vart oppretta i Sør-TrøndelagHjort, HedmarkOrm, Sogn og Fjordane og HordalandBjørn West og Bjørn East, RogalandVarg og i Buskerud og OpplandElg. Bjørn West og Bjørn East var opphavleg basen Fjord.

Basane Orm og Hjort skulle få forsyningar via Sverige, men den svenske regjeringa nekta å gje løyve til å transportere materiell gjennom Sverige og dei vart aldri fullt operative. Opprettinga av Varg-basen vart vanskeleg på grunn av intens tysk aktivitet. Det vart kursa ein del mannskap i denne basen og den tok imot 25 flyslepp. Basen Bjørn East fekk problem på grunn av vanskar med radiosambandet med Home Station i England som førte til mangel på forsyningar.

Basen Elg vart etter kvart svært omfattande, med stort område for flyslepp med Eureka-stasjonen inne i fjella ved Vassfaret og fekk som oppgåve å drive kursing av lagleiarar og seksjonsleiarar i Milorg. Etter at kursinga var slutt drog mannskapa heim og kursa sine eigne lag og seksjonar i det dei hadde lært. På slutten av krigen, 24. april 1945, støtte tyske troppar saman med norske heimefrontkarar på kurs i Eggedal, sørvest i området til Elg. I basen var det 130 menn, og etter fire timar med kamp vart okkupasjonsstyrkane og hirdmennene slått tilbake. Dei norske styrkane mista 5 mann og 3 vart såra. Dei tyske styrkane mista 29 mann og fekk omtrent like mange såra. Milorgstyrken trekte seg nordover inn i kjerneområdet av basen og vart oppløyst der. Totalt mottok basen 38 flyslepp, og på slutten av krigen fanst her eit lager av materiell og våpen for 2500 mann.

Bjørn West-basen endre

Bjørn West vart oppretta som ei ordinær militærforlegning og var direkte underlagt Forsvarets Overkommando i London. Her var målet å opprette ein stor styrke som skulle vere disponibel som innsetjingsstyrke. Viss den vart utsett for angrep skulle den trekkje seg attende til fjellområda langs Sognefjorden, eventuelt verte evakuert av marinen. Styrkane fekk mykje av materiellet sitt sjøvegen frå England. Dette vart bore opp i fjellet og inn til basen, i tillegg kom det mykje med flyslepp. Etter eit forsøk på å omringe dei norske styrkane i BA 2 ved påsketider var det stille fram til 27. april, då okkupasjonsstyrkane og Gestapo vart landsett i Matre. Litt seinare kom tyske krigsskip inn fjorden, og 28. april gjekk okkupasjonsstyrkane til angrep på basen etter oppklaring inne på fjellet. Kampane raste til 4. mai, då dei norske styrkane trekte seg ut.

Alt tidleg på ettervinteren vart okkupasjonsmaktene klåre over at det var ei større base inne på fjellet. Dette viser den tyske aktiviteten: Den 6. april vart Sjur Lindebrække, Hans Sevaldson og Reidar Skau kontakta av ein skipsreiar i Bergen. Bak kontakten stod øvstkommanderande for dei tyske styrkane i Vest-Noreg, generalløytnant Johann de Boer. Han var uroa for situasjonen og ynskte å kome i kontakt med Hjemmefronten for å unngå kaos og få ei fredeleg avslutting på krigen. Alt tyder på at dette var eit reint soloutspel, for den tyske kommandanten i Noreg, general Franz Böhme sende ut ein dagsordre til sine offiserar den 5. mai[3] «Oppdraget som er stilt Wehrmacht i Norge er nå som tidligere å forsvare sitt område mot ethvert fiendtlig angrep, om det kommer utenfra eller fra den norske motstandsbevegelsen. Storadmiralen (Dönitz) ser det som sin viktigste oppgave å redde så mange tyskere og så mye tysk område som mulig frå bolsjevikisk kaos. Alle andre oppgaver må underordnes dette forsett… Vi må vere klar til kamp nå og i tiden fremover.» Lindebrække svara svært varsamt på meldinga, og meinte at Forsvarets Overkommando i London burde underrettast. De Boer motsette seg at dette skulle skje over radio ettersom han meinte at Gestapo kunne snappe opp meldinga. Istaden vart majoren Eivind Moe sendt som kurér til England i slutten av april.

Medan Johann de Boer gjennom soloutspelet sitt forhandla om ei avvikling av krigshandlingane, braut det ut open strid i Matre-fjella mellom okkupasjonsstyrkane og motstandsstyrkane frå Bjørn West. General de Boer gjorde det klårt at kampane måtte stansast, viss ikkje var det meiningslaust å halde fram med forhandlingane. Dei norske styrkane måtte trekkje seg attende medan han på si side skulle stanse tyske angrep. Etter at det gjekk ut melding til overkommandoen i London kom det melding tilbake til Bjørn West den 2. mai om at «fortsatte kamper er ikke ønskelig», og dei norske styrkane trekte seg ut 4. mai.

Kjelder endre

  1. [1][daud lenkje]
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 30. september 2007, henta 15. august 2007 
  3. François Kersaudy; Vi stolar på England, 1991

Bakgrunnsstoff endre