Mimar Sinan

tyrkisk arkitekt

Koca Mimar Sinan Agha (149017. juli 1588) var ein osmansk arkitekt, sjefsarkitekt for sultanane Selim I, Suleiman I, Selim II og Murad III. Meisterverket hans vert rekna å vere Selimiyemoskeen i Edirne, sjølv om det best kjende er Süleymaniyemoskeen i Istanbul.

Mimar Sinan

Fødd 1490
Ağırnas
Død

17. juli 1588 (98 år)
Konstantinopel

Yrke arkitekt, sivilingeniør, vitskapsperson, byplanlegger
Ektefelle Fatma Nur
Signatur
Mimar Sinan på Commons
Frå Şehzademoskeen i Istanbul.

Liv og virke endre

Etter å ha fått utdanning som arkitekt og ingeniør deltok Sinan frå 1514 som medlem av ingeniørkorpset i militære felttog mot sør og aust. Etter at dei ottomanske styrkane hadde erobra Kairo, vart Sinan utnemnd til sjefsarkitekt. Under eit felttog mot Persia bygde han skip for hæren. Skipa skulle kunne krysse sjøen Van (sjø). For denne innsatsen vart han utnemnd til Haseki'i i sultanen si livgarde.

Sinan sitt første sivile arbeide var Şehzademoskeen frå 1548. I 1550 byrja han arbeidet på det store Süleymaniye-komplekset i Konstantinopel. Han har teikna ein lang rekke moskear og bygningar i og omkring Istanbul, som Selimiyemoskeen i Edirne, Kadirga Sokullu-moskeen og Rüstem Paşa-moskeen i Istanbul. Han har også teikna Taqiyya al-Sulaimaniyya i Damaskus.

I alt er Sinan tilskriven:

  • 84 større moskear (çami)
  • 52 mindre moskear (mescit)
  • 57 universitet
  • 41 bad (hamam)
  • 35 palass (saray)
  • 22 mausoleum (türbe)
  • 20 karavaneserai (kervansaray; han)
  • 17 offentlege kjøken (imaret)
  • 8 bruer
  • 8 lagerhus
  • 7 skular (medrese)
  • 6 akveduktar
  • 3 hospital (darüşşifa)

Sinan er gravlagt utanfor murane av Süleymainye i Istanbul, i gata Mimar Sinan Caddesi, som er oppkalla etter han.

Eit krater på Merkur er oppkalla etter Sinan.

Galleri endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre