Mimouna (hebr. מימונה, ar. ميمونة) er ei høgtid feira ved slutten av pesah av sefardiske jødar. Ho markerer at ein igjen kan eta chametz, som vanlege brød, noko som er forbode under pesah.

Tradisjonell mimouna-oppdekking med mat og symbol knytte til høgtida. Pannekaka i midten heiter mufleta.

Høgtida stammar frå Marokko, men blir også markert i Israel og andre stader blant jødar av nordafrikansk opphav. Ho tek til ved solnedgang siste dagen av pesah, typisk med festar der ein et tradisjonell søtmat, som pannekaka mufleta og pitabrød dyppa i honning, og gjerne også brennevinet arak. Ein pynter ofte med lykkebringande symbol, ofte i grupper av fem, som fem gullsmykke, eller fem bønner på ei småkake.[1] Mange sefardiske synagogar opnar like etter midnatt og ein les frå Høgsongen og dansar.[2]

Mimouna blei offentleg høgtidsdag i Israel i 1966, og blir ofte markert med grillfestar og piknikar.[3] Denne dagen er det også vanleg for politikarar å møta veljarar og be om støtte.[1]

Opphavet til namnet mimouna er ukjend, men er blitt knytt til Maimon, far til Maimonides (Rambam), som skal ha blitt fødd eller ha døydd på denne dagen.[4] Både Maimon og mimouna er knytt til Fès i Marokko.[5] Det kan stamma frå det arabiske ordet for lukke.[6] Namnet på høgtida er også blitt knytt til mammon, rikdom, og enumah, tru.[5]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Lady Luck» Arkivert 2008-10-28 ved Wayback Machine. i Ha'aretz av Yigal Bin-Nun
  2. Sephardic Traditions at the Passover Seder av Barbara Aiello i jewishmag.com
  3. [http://www.jafi.org.il/education/festivls/pesach/mimouna.html The Jewish Agency for Israel - Explanation of Mimouna
  4. Mimouna - A Jewish-Moroccan Festival in Israel, Mimouna: Tirvahu va tisadu[daud lenkje] ved Mideast Youth
  5. 5,0 5,1 Christian Roy, Traditional festivals
  6. jewishagency.org, arkivert frå originalen 18. april 2009, henta 14. april 2009 

Bakgrunnsstoff endre